Eirik Strønen Søfteland framførte «Månemannen» på 17. mai i 2015. I år kjem han tilbake med piano på scenen. (Kjetil Vasby Bruarøy)

Har booka Eirik Søfteland til 17. mai!

– Eg tenkjer eg skal ta det heilt nedpå, seier Århundrets stemme-finalisten.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag er Eirik Strønen Søfteland på siste stemmejakt for denne gong, i finalen mot Dance with a Stranger-vokalist Øivind «Elg» Elgnes.

Torsdag i neste veke syng han på heimebane for fullstappa Os sentrum 17. mai (det er førebels ikkje bestemt om arrangementet blir flytta frå Kyrkjeflaten til tørrare grunn, avgjerda blir fatta måndag).

– Vi er utruleg glade for at vi får Eirik til å synga for oss i år, så tett etter den travle våren han har hatt på TV 2. Mange av oss har følgd han heile vegen, og vore med på å stemma han til finalen, då er det stas å få oppleva han live igjen, synest Kjetil Osablod Grønvigh frå kultureininga i Os kommune.

Kjetil og kollega Stine Kobbeltvedt seier dei har brukt litt list og lempe for å lokka TV-stjerna på scenen denne dagen.

– Ikkje fordi han hadde så tett med bookingar, bortsett frå ein spelejobb på kvelden, men fordi han trudde at han skulle ha fri på dagen. Det skal han sjølvsagt ikkje, seier Kjetil og ler.

Åleine på piano

Eirik, som var i finalen i Idol våren 2013, og vann Skal vi danse på hausten same år, har stått på scenen i Os sentrum 17. mai før.
I 2015 framførte han «Månemannen» saman med Fonos og Spelemannslaget (sjå video), i 2016 var han del av artistdugnadsgjengen som spelte Os-songen (sjå video).

– Eg har stort sett hatt eitt eller fleire oppdrag kvar 17. mai. I år hadde eg plan om å ha fri, men slike planar plar vera vanskelege å gjennomføra, seier Eirik til Midtsiden.

På kvelden 17. mai skal han synga Iron Maiden-låtar med tributebandet Powerslaves på Garage, på dagtid på Os blir det heilt andre tonar.

– I år stiller eg åleine med piano. Eg tenkte eg skulle ta det heilt nedpå. Det er ikkje heilt bestemt kva låtar det blir, men eg har fått eit ønskje frå Stine om å synga Charlie Chaplin-låten «Smile».

– Eg gler meg! Det er noko eige med det å synga i heimbygda denne dagen!