Lokal | 22. sep. 2016

Har byrja å merka dei nye fråværsgrensene

Rundt 80 prosent av kundane til Bjoarvik Trafikkskole er i vidaregåande skule, som no har fått strengare krav til oppmøte.

Har byrja å merka dei nye fråværsgrensene
Arne Bjoarvik har framleis alle i arbeid, men merkar at det er noko vanskelegare å fylla timeplanen midt på dagen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. sep. 2016 07:09

I sommar vedtok Kunnskapsdepartementet nye fråværsgrenser for elevar i vidaregåande skular, der fråvær over 10 prosent per fag fører til at det må brukast skjønn om du skal få karakter. Har du over 15 prosent udokumentert fråvær får du uansett ikkje karakter i faget. Målet er å redusera fråfall i vidaregåande skule.

– Vi har alltid prøvd å tilpassa oss skuletida og tar køyretimar både klokka 7 om morgonen, før skuletid, og om ettermiddagane fram til klokka 17. Fritimar og dagar med avspasering blir òg nytta flittig.

– Men det er klart at elevar har vore vekke frå undervising for å ta førarkort. Likevel har vi stolt på at ungdomen har hatt oversikt både på eige fråvær og på at dei får med seg nok av pensum, seier Arne Bjoarvik.

– Vi tilbyr dessutan elevane ein attest som fortel at dei har tatt førarprøve i løpet av skuleåret, så denne kan visast fram saman med vitnemål om ein framtidig arbeidsgjevar vil sjå på fråværet.

Treng 25 elevar i veka

Bjoarvik Trafikkskole har ti tilsette sjåførlærarar. Rundt 80 prosent av kundane er i vgs-alder.

– For å forsvara ei full stilling må kvar av desse ha 25 elevar i bilen per veke.

Med 42 køyreskule-timar (45 min) er læraren oppe i 33 timar per veke. I tillegg kjem tid til vedlikehald av bil, transport til og frå elev og noko papirarbeid.

– Ved berre å køyra før og etter skuletid rekk du 10 elevar. Vi har vaksne elevar òg, men vi har merka denne siste månaden at det blir vanskelegare å fylla veka.

– Har turnus eller nedbemanning blitt diskutert?

– Nei, det har ikkje vore tema. Vi hadde dessverre ein lærar som gjekk bort i sommar, etter 26 gode år hos oss, men han blei erstatta av ei ung dame som no er køyrelærar hos oss.

– Turnus og køyring i mørket med ferske elevar, har heller ikkje vore oppe til diskusjon. Dette ville i så fall vore fordyrande, førarkort er nok allereie ei stor nok investering om ikkje prisane skulle gått yttarlegare opp.

Får besøk frå Stortinget

Arne Bjoarvik er medlem av Os Høyre, men skreiv på Facebook at han var flau av regjeringa si då dei nye fråværsreglane blei offentleggjorte.

– Regelen virkar lite gjennomtenkt, eg trur heller ikkje det er rett plass å byrja. Det er dessutan fleire som blir påverka av dette, som helsevesenet, som allereie fortel om problematisk stor pågang for å skriva dokumentasjon til ungdom som har vore sjuk.

Mens studentar på universitet kan sitja på kafé heile dagen må elevar i gymnas- og vgs-alder, trass «ansvar for eiga læring»-slagord ved skulane, møta til minst 85 prosent av undervisinga i kvart fag om dei skal få karakter.

– No kjem det ein stortingsrepresentant frå Høyre på bedriftsbesøk i Os i slutten av månaden. Vedkomande skal blant anna besøka oss, så får vi sjå om det blir lærerikt for han, seier Bjoarvik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.