Næringsliv | 04. okt. 2014

Har dei bestemt seg?

Leiinga i Rolls-Royce seier dei vil kommunisera ei avgjerd i løpet av oktober. Andre meiner framtida for fabrikken i Hagavik allereie er bestemt.

Har dei bestemt seg?
Innan utgangen av oktober skal dei tilsette få svar om produksjonen blir verande i Hagavik eller flytta til Brattvåg eller Polen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. okt. 2014 06:51

I august var tilsette ved Rolls-Royce i Hagavik skuffa etter nok ei utsetjing av avgjerda for framtida til fabrikken.

No seier informasjonssjef Anette Bonnevie Wollebæk at dei snart skal få svar.

– Vi vil kommunisera ei avgjerd til dei tilsette innan innan utgangen av oktober.

Fire alternativ har vore skissert, to av dei handlar om utflagging, det eine om samlokalisering i Brattvåg. Samlokalisering i Hagavik er også eit alternativ.

– Vil flytta til Brattvåg

Denne veka fekk Midtsiden informasjon som tyder på at avgjerda allereie er fatta. Dette ønskjer ikkje Wollebæk å kommentera.

Ifølgje vår kjelde skal Rolls-Royce legga ned i Hagavik og flytta produksjonen samme plass som Norwinch forsvann midt på 90-talet, til Brattvåg.

Rundt 80 av 130 tilsette i Hagavik utgjer produksjonen av styremaskinene, produksjonen som er aktuell å flytta. Om produksjonen blir flytta til Brattvåg og ikkje til Polen kan det bli spennande å sjå om dei 50 resterande stillingane i Hagavik også følgjer med på flyttelasset.

– Har høyrd ulike rykter

Martin Mildestveit kan verken stadfesta eller avkrefta ryktene.

– For det første veit eg ikkje, for det andre har eg nyleg skifta jobb.

Mildestveit presiserer at jobbskiftet ikkje har med diskusjonen om flytting av produksjonen å gjera. Tobarnsfaren frå Os har pendla til sambuaren i Stavanger i tre år og har no fått jobb nærmare familien, i selskapet Drill Quip.

Hovudtillitsvalt i Fellesforbundet, forbundet som organiserer flest tilsette ved fabrikken, Dag Kåre Støyva, har også høyrd rykte frå sikre kjelder.

– Eg har fått informasjon frå fleire ulike hald, frå folk eg stoler på, og det har vore ulik informasjon.

– Eg har slutta å tru på det eine eller det andre, no håper eg berre leiinga held det dei lover, at dei vil fatta avgjerd i midten av oktober og at vi får veta kva dei har bestemt i løpet av månaden, seier Støyva.

Etter det Midtsiden kjenner til går Rolls-Royce i Hagavik veldig bra, med svært god ordreinngang.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.