Lokal | 08. feb. 2018

Har dei mest nøgde foreldra

Ny nasjonal undersøking • Varhaug barnehage blant dei beste i landet. Sjå resultata her.

Har dei mest nøgde foreldra
Tone Fjeldstad er leiar i Varahaug barnehage som har dei mest nøgde foreldra (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 08. feb. 2018 12:11

Utdanningsdirektoratet (Udir) si foreldreundersøking er ein frivillig undersøking kor foreldra får seie si meining om barnehagetilbodet. Undersøkelsen blei gjennomført for andre gang hausten 2017.

På tredjeplass i Noreg

Totalt skårer dei 15 barnehagane i Os totalt 4,6 på ein skala til 5.

– Det er veldig veldig kjekt. Tidlegare har barnehagane køyrd kvar sine undersøkingar. Då Udir starta med ein felles nasjonal undersøking i fjor var det to av barnehagane som heiv seg på. I år har 15 av dei 17 barnehagane i Os vore med, noko som gir eitt godt grunnlag for å samanlikna, seier barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang i Os kommune.

Totalt har 2.661 barnehagar i Noreg vore med på undersøkinga. På kommunenivå skårar to kommunar (Lesja og Hjartdal) 4,8. Ti kommunar får 4,7 medan tjueseks kommunar, blant dei Os, skårer 4,6.

Varhaug heilt i toppen

Barnehagen som får best skår frå foreldra i Os er Varhaug Barnehage, som skårar heile 4,9 av 5 moglege poeng. Det gjer at dei er blant dei 203 barnehagane i Noreg som får 5 eller 4,9 i skår.

– Det unner vi dei av heile hjartet. Heile administrasjonen i kommunen gler seg med dei, strålar Ullensvang som allereie har vore på vitjing med ei blomsterhelsing frå kommunen.

Relasjonar og trivsel i høgsete

Dei øvrige barnehagene i kommunen skårar mellom 4,2 og 4,7 poeng.

– Det som er veldig kjekt å sjå er korleis barnehagane tek i bruk denne undersøkinga. Straks dei fekk resultata dukka dei ned i dei og satte i gang tiltak med ein gong for å betre dei tinga dei ikkje skårar så godt på.

– Det syner at barnehagane i kommunen tek foreldra på alvor og tek tak i tilbakemeldingane. Undersøkinga viser at foreldra i Os er nøgd med barnehagane.

– Eg veit at barnehagane har eit stort fokus på relasjonar, anten det er barn - barn eller barn - vaksen. For barnehagane er kontakt og tett dialog med foreldra viktig, men noko av det viktigaste er trivsel for ungane. Det er også dette foreldra er mest oppteken av. Trivst ungane, så er foreldra nøgd, konkluderer Ullensvang.

Slik skåra barnehagane i Os

15 av dei 17 barnehagane i Os deltok i Udir si nasjonale undersøking. Her er resultata for kvar av barnehagane.

Barnehage Eierform Total tilfredshet Ute- og innemiljø Barnets trivsel Informasjon Barnets utvikling Svarprosent Varhaug barnehage Privat 4,9 4,6 4,8 4,2 4,8 78 Banktjørnhaugen barnehage Ba Privat 4,7 4,1 4,9 4,5 4,7 61 Hegglandsdalen barnehage Privat 4,7 4,3 4,8 4,2 4,8 78 Os barnehage Kommunal 4,7 4,4 4,9 4,3 4,7 83 Søre Neset Fus barnehage AS Privat 4,7 4,3 4,8 4,2 4,8 77 Søre Øyane Grendalag Naturbarnehage Sa Privat 4,7 4,3 4,8 4,0 4,7 67 Espira Kuventræ barnehage Privat 4,6 4,3 4,8 4,5 4,8 57 Espira Ulvenvatnet barnehage Privat 4,6 4,2 4,8 4,5 4,7 76 Nøtteliten barnehage Privat 4,6 4,2 4,8 4,3 4,6 66 Skeisbotnen barnehage AS Privat 4,6 4,1 4,7 4,0 4,5 78 Skorvane Fus barnehage AS Privat 4,5 3,8 4,7 4,4 4,7 72 Flåten Naturbarnehage AS Privat 4,4 4,0 4,6 4,2 4,6 57 Lysekloster barnehage Kommunal 4,3 3,8 4,6 3,8 4,5 74 Hjellemarka Fus barnehage AS Privat 4,2 4,1 4,5 3,3 4,3 37 Læringsverkstedet barnehage Avd Kuvågen Privat 4,2 3,9 4,6 4,1 4,4 88

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.