Lokal | 10. juli 2017

Har du fått plass?

Om du har søkt skuleplass på vidaregåande skule fekk du truleg tilbod før helga. Her er lista over karakterkrav ved fleire av skulane.

Har du fått plass?
Os Gymnas er skulen i Bergensområdet det i år er lettast å kome inn på vg1 studiespesialiserande på (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 10. juli 2017 10:15

Rett før helga gjekk det melding ut til søkjarane til dei vidaregåande skulane i Hordaland.

– Det er gledeleg at vi har så mange søkjarar til dei vidaregåande skulane i Hordaland, seier fylkesdirektør for opplæring, Svein Heggheim etter at det første inntaket var klart i dag. 18 482 elevar har søkt. Dei aller fleste av desse har no fått tilbod om skuleplass.

– Årskullet av elevar som går ut ungdomsskulen i år går litt ned i høve til i fjor, men vi ser at vi har attraktive skular over heile fylket. Og i Bergensområdet er skulane våre eit godt og attraktivt alternativ til dei private skulane, seier Heggheim.

Os Gymnas med lågast karakterkrav

I oversikta frå inntakskontoret listar dei opp den nedre poenggrensa ved første inntaket til vg1 studiespesialiserande utdanningsprogram for skulane i Bergensområdet.

– Poengsummane vil bli vesentleg redusert ved dei fleste skulane fram til skulestart, særleg ved 2. inntaksomgang den 28. juli.

Dette måtte du ha i karakterpoeng frå ungdomsskulen for å få plass ved 1. inntaket (alfabetisk rekkjefølgje):

  • Amalie Skram videregående skole: 48,80
  • Arna vidaregåande skule( tidl. Garnes vgs) : 44,50
  • Askøy videregående skole 42,20
  • Bergen Katedralskole 46,90
  • Fyllingsdalen videregående skole 37,20
  • Knarvik vidaregåande skule 40,00
  • Laksevåg videregående skole 38,60
  • Langhaugen videregående skole 45,33
  • Nordahl Grieg videregående skole 44,67
  • Olsvikåsen videregående skole 43,90
  • Os gymnas 34,30
  • Osterøy vidaregåande skule 38,80
  • Sandsli videregående skole 40,20
  • Sotra vidaregåande skule 39,00
  • Tertnes videregående skole 41,20
  • U. Pihl videregående skole 37,10
  • Årstad videregående skole 39,40

Populære linjer

Av søkjarane har 17 422 elevar rett til vidaregåande opplæring i Hordaland (ungdomsrett). 17 457 elevplassar står til disposisjon.

Populære linjer er helse- og oppvekstfag, som framleis har vekst.

Auka i søkjartala til bygg- og anleggsteknikk dei to siste åra, har flata ut, mens studiespesialiserande utdanning og elektrofag har nedgang. Nedgangen i søkjartalet til teknikk og industriell produksjon (TIP) har stoppa opp, men er nær 40 prosent lågare enn i 2014/15.

1040 utan plass

Etter det første inntak står 1040 elevar med ungdomsrett utan tilbod om plass.

Flest av desse er i Bergensområdet, 832. I dei andre regionane er det få søkjarar utan plass.

Hugs å svara!

Alle søkjarar med ungdomsrett vil få tilbod om plass før skulestart. Neste tildeling skjer 28. juli.

Dei som no har fått plass, må svare om dei tek imot plassen seinast 25. juli, elles går plassen tapt, heiter det i pressemeldinga frå inntakskontoret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.