Synnøve Reksten Mowinckel fortel om fondet som gir gåver «til Osbygdens gagn og forskjønnelse». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Har du høyrd om Moldegaardsfondet?

I fjor var det berre éin søkjar til støtte frå det 88 år gamle fondet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Kvart år, i starten av juni, blir sommaren innvia med open parkfest med gratiskonsert i parken på Moldegård.

– Det er få år vi har trekt inn under tak grunnar regn. Desse gongane har vi nytta gartneriet. Og det er eitt år vi ikkje har hatt hagefest, i 2016, fortel Synnøve Reksten Mowinckel.

I 2016 hadde Synnøve og Christopher akkurat overtatt drifta. 

Sjølv om hagefesten har fri entré og er open for alle, er det i hovudsak denne festen som genererer pengar til fondet. Nokre av gjestane frå Os og Bergen er gåvegjevarar til Moldegaardsfondet.

– Sidan det ikkje var fest i 2016 var det ikkje den store summen som blei delt ut i fjor, men vi håper Os Røde Kors hadde nytte av 10.000 ekstra kroner i samband med kjøp av ny minibuss.

Søknadsfrist i mai

Fondet har alltid hatt ein buffer, men gir etter kva som kjem inn, og deler aldri ut heile summen frå året før. På parkfesten i fjor kom det inn heile 60.000 kroner.

– Over påske vil vi legga ut informasjon til årets søkjarar. Fristen blir i mai, hagefesten i juni.

Under parkfesten blir det gjort kjent kven av søkjarane som får støtte frå fondet, 18. august kvart år er sjølve tildelinga. 18. august er dagen fondet blei stifta.

Stifta av Mowinckel «til Osbygdens gagn og forskjønnelse»

Fondet heiter «Moldegaardsfondet til Osbygdens Vel» og blei etablert av Johan Ludwig Mowinckel (1870-1943) 18. august 1930, og var med på å få realisert Os Gamleheim (teikna av arkitekt Bull), som sto ferdig i 1932.

Statsminister Mowinckel forklarte gjevargleda si til Os på denne måten; «Den sosiale pliktfølelsen i vårt folk er sterk og i gledelig vekst. Den drivkraft som følger med jord og en eiendom  -  i vårt tilfelle Moldegaard – knytter oss sterkt til Osbygden og gjør det naturlig for oss å hjelpe».

Fondet har statuttar frå 1935. Her står det blant anna at ordførar i Os kommune saman med eigar av Moldegaard skal sitja i styret. 

Moldegaardfondet skal tilgodesjå oppgåver «til Osbygdens gagn og forskjønnelse». Fondet har gjeve støtte til alt frå Nils Tveit si «Os Soga» til skulekorps, ungdomslag og Oselvarverkstaden.