Lokal | 08. sep. 2017

Har du observert denne båten langs vegen?

Sto på hengar ved lensmannskontoret - blei stolen natt til onsdag.

Har du observert denne båten langs vegen?
Denne båten sto på hengar ved Oselvarnaustet frå søndag til tysdag kveld. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. sep. 2017 21:12

Ein båteigar frå Os etterlyser tips etter eit tjuveri i Hamnevegen natt til onsdag.

– Eg tok båten på land på søndag, den skulle på verkstad onsdag, fortel eigar til Midtsiden.

Han såg til båten båten, som sto på hengar utanfor Irisgården, både morgon og kveld. Os lensmannskontor er blant leigetakarane i bygget.

Onsdag morgon var båten vekke.

Raud varebil på veg til Lagunen

Båten er ein Ibiza 21 Touring SE med Mercruicer 1,7l/td. Tilhengar er ein Brenderup Basic 1800.

«Jeg har fortsatt putesettet og portapotti til båten som tyven kan kjøpe til en billig penge» skriv eigar på Facebook.

Han er naturlegvis interessert i tips, og har allereie fått inn eitt.

– Onsdag morgon klokka 5 blei ein liten raud varebil observert i høg fart frå Os mot Bergen. Bilen drog på ein tilhengar med båt som likna på min.

Bilen, som skal ha mangla lys i eine frontlykta, og skal ha sett ut som ein Opel Combo, køyrde til Skjoldskiftet der den tok av mot Lagunen.

Kalesjen sto ikkje oppe då båten blei stolen, men var felt ned i eiga luke.

– Eg håper fleire har observert noko denne morgonen, så båten blir funnen, seier eigar.

I midten av august blei ein båt i tilsvarande storleik stolen frå Nordvik og funnen på Krokeide. Denne båten var på sjøen, ikkje på hengar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.