Lokal | 09. okt. 2017

Har du sett Alexander?

Politiet starta måndag ettermiddag søk etter Alexander Holsen.

Har du sett Alexander?
Alexander Holsen er meldt sakna på Os (foto: privat/politiet)
Andris Hamremandag 09. okt. 2017 14:01

Alexander Holsen, 29 år, er meldt sakna frå Os i Hordaland.

Siste stadfesta kontakt med Holsen var onsdag 4. oktober, opplyser politiet i ei pressemelding.

• Les òg: Førebur leiteaksjon

Alexander Holsen er 168 cm høg, har normal kroppsbygning, kort, mørkeblondt hår og lys hud.

Det er ikkje kjent kva han var kledd i da han forsvann, men Holsen går ofte med lue, blå ytterjakke, tynn strikkegenser, grå eller sort joggebukse, og svarte eller kvite joggesko. Han kan ha gått med solbriller.

Politiet går ut med etterlysing med namn og bilde i samråd med familien.

Politiet ber folk som har tips eller observasjonar knytt til Alexander Holsen om å ringe tipstelefon 480 02 480 eller 02800.

Politiet har varsla frivillig leitemannskap frå mellom anna Røde Kors som eit førebuande ledd til ein eventuell leiteaksjon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.