Lokal | 19. jan. 2018

Har du sett Foxy?

Denne kvalpen kom seg laus frå selen og stakk frå Os sentrum i morgontimane i dag. (Oppdatert)

Har du sett Foxy?
Har du sett ein laus hund som liknar denne?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. jan. 2018 14:19

Eigar etterlyser ein 4,5 månadar gamal rottweiler-blaningshund etter at ho stakk frå Os sentrum i 8-tida fredag morgon.

– Ho kom seg laus frå selen ved COOP Prix og er sist sett, så vidt eg kjenner til, ved brua frå Landboden til Finnebrekka/Borgavegen, seier eigar.

Mora til hunden kjem frå dette nabolaget, men kvalpen er fredag ettermiddag framleis ikkje funnen.

Både politiet og Fant er varsla.

OPPDATERT: Hunden blei funnen laurdag, og var i fin form. Den blei funnen i Stegen, ikkje langt frå Prix, der ho forsvann fredag morgon.

– Eg er evig takkasam for alle som var ute og leitte. Ho som tok hunden heim til meg køyrde gjennom Stegen på veg til jobb, for å sjå etter Foxy, og der møtte ho ein mann som sto med Foxy i band, fortel eigar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.