Har du sett lyset?
I rundt ei veke har det vore arbeidslys frå Liafjellet. Vi har vore oppe og sett nærmare på det som skal bli ei 150 meter lang sjakt.
Bildeserie:
Ettermiddag og kveld har det vore eit kraftig lys frå skogen på nordsida av Liafjellet. Årsaka er at ein borerigg har kome på plass i terrenget.
– Det er her lufteholet til avlaupsreinseanlegget kjem. Dei er akkurat i gang med å bora den 150 meter lange sjakta ned til reinsanlegget, fortel prosjektleiar Johannes Håkonsund frå Os kommune.
Os hovudavlaupsreinseanlegg, OHARA, er det største «byggeprosjektet» i Os kommune nokosinne, med ein 180 x 20 meter stor hall under brannstasjonen på Moberg, med tilkomst i 700 meter lang tunell frå Moberg og vidare 900 meter med tunell ned til Televika, begge køyrbare for lastebilar.
Bygginga starta i september 2015 og siste salve skal fyrast av på nyåret 2017. No er også boringa av luftesjakta i gang.
1 km med ny veg opp i fjellet
Veidekke, som ikkje berre bygger ny E39 frå Svegatjørn til Rådal, har kontrakten også på OHARA. Fleire av dei Veidekke-tilsette som jobbar på Moberg bur saman med E39-pendlarar i brakkeriggen ved Lidl-bygget, «Ådnadalen hotell».
– Vi bygde ny veg opp til luftesjakta, der delar av den går på tidlegare traktorveg, men siste del er ny og ganske bratt, fortel formann Dag Nessæther frå Veidekke.
• Les òg: Populær turveg stengt frå i dag
Frå brakkeriggen på Moberg er det cirka ein kilometer opp til riggplassen. For å få utstyret opp måtte Veidekke leiga inn ein spesiell lastebil frå Voss med trekk på åtte hjul. Denne måtte ta på kjettingar for å koma seg opp.
1,6 meter i diameter
Det blir no bora med 12 tommar ned 150 meter til eit område nær reinsehallen i fjellet under Moberg.
– Vi bruker eit eksternt firma til borejobben. Dei drillar ned med 12 tommar og skal dra seg opp igjen med 1,6 meter i diameter, som blir breidda på sjakta.
– Det er ikkje trykkluft så det blir lite lyd, det er meir ein jamn dur frå drillen, forklarer Nessæther og viser oss borekrona.
Arbeidet er så vidt i gang og det er førebels drilla tre meter ned frå holet på Liafjellet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.