Lokal | 11. mars 2012

Har fått dilla på ørn

Naturfotografane Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde kjem stadig tettare på havørnene på Lepsøy.

Har fått dilla på ørn
Lys hud er viktig å skjula når du skal kamuflera deg. Her er Liv-Randi på jakt etter gode bilde av havørn. (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. mars 2012 08:28

Bildeserie:

Torsdag 8.3: Kråke jagar den yngste havørna. (Foto: O. Lunde)
Torsdag 8.3: Kråke jagar den yngste havørna. (Foto: O. Lunde)
– Vi kjem stadig tettare på. Pale er bra å bruka, då den flyt, seier Oddmund Lunde.
– Vi kjem stadig tettare på. Pale er bra å bruka, då den flyt, seier Oddmund Lunde.
Liv-Randi utanfor kamoteltet tidlegare i vinter. (Foto: O. Lunde)
Liv-Randi utanfor kamoteltet tidlegare i vinter. (Foto: O. Lunde)
1 av 3
Torsdag 8.3: Kråke jagar den yngste havørna. (Foto: O. Lunde)
– Vi kjem stadig tettare på. Pale er bra å bruka, då den flyt, seier Oddmund Lunde.
Liv-Randi utanfor kamoteltet tidlegare i vinter. (Foto: O. Lunde)

– Vi har fotografert ein del fugl før, men dei siste tre vekene har det berre gått i ørn, fortel Oddmund Lunde.

Havørn er den største rovfuglen i Nord-Europa og den fjerde største ørna i verda.

I det siste har havørn vore vanleg å sjå fleire plassar i Os, blant anna på og rundt Lepsøy, der fotograf-paret Liv-Randi Lind og Oddmund Lunde bur.

– Vi kan reisa til kommersielle stedar som leiger ut skjul og opplevingar med blant anna havørn. Det finn vi både her i fylket og i Flatanger i Nord-Trøndelag. Men som naturfotografar synes vi det er meir stas å få det til sjølv, dette med å koma nærmare dyra.

Kjem tettare på

Med ørnene som nær nabo har fotografane gjort fleire grep for å bli betre kjent med dei flotte rovfuglane.

– Vi prøve å få dei nedpå, både til åte på land og til fisk som vi kastar uti når vi er i båt rett ute i fjorden.

– Og vi får ørnene ned fleire gongar. Men det gjeld å ikkje vera for tett på maten, for då kjem den ikkje, eller for langt ifrå, for då får vi ikkje tatt gode nok bilde.

Lokkar med måse og pale

Nokre gongar kjem ørnene tilfeldigvis forbi, andre gongar sit dei i ein tretopp og følgjer med når Liv-Randi og Oddmund legg frå land, kjører ut og byrjar å kasta mat på sjøen.

– Pale er bra, for den flyt, så då har ørna litt tid på seg til å ta den. Men først lokkar vi til oss måse, for vi har sett at ørna først kjem når måsane byrjar å fly rundt båten.

Etter at måsane har kome seg på vengjene kjem ørna, og den kjem brått.

– Det er imponerande å sjå kor rask ho er når ho først stuper. Måsen og kråkene ser tydelegvis på ørna som ein skarp konkurrent når det kjem til mat, for dei jager ørna så godt dei kan.

Hekking på gang?

Lind og Lunde har sett til saman fire ulike ørner rundt Lepsøy den siste tida.

– Torsdag fekk eg tatt bilde av tre av dei saman. Den eine ser ut til å vera ein ungdom, dei to andre er nok eit par, trur Lunde.

Han og Liv-Randi synes det er veldig spennande om det blir hekking i nabolaget.

– Vi får sjå korleis våren blir. Uansett kjem vi til å starta ørnejakta endå tidlegare når neste vinter kjem. I år, etter berre tre veker, har vi fått kontakt med 3-4 ørner. Men vi trur at den beste tida er frå januar til mars, før båttrafikken blir for stor, så 2013 skal ikkje bli gamal før vi er ute og ser etter ørnene, seier Oddmund Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.