Lokal | 06. des. 2017

Har fått inn over 100.000

Formannskapet løyvde 50.000 til "På glattisen med Sverre". Kronerullinga har passert 100.000 kroner på ei veke.

Har fått inn over 100.000
«På glattisen med Sverre» har fått inn over 100.000 kroner på ei veke (foto: Douwe Bijlsma)
Andris Hamreonsdag 06. des. 2017 08:51

Fredrik Schmidt Fotland i Os næringsråd og Jon Sivert Rykkel står bak initativet «På glattisen med Sverre» - ein folkeleg kronerulling for å hjelpe Sverre Lunde Pedersen økonomisk fram mot OL i Pyeongchang i Sør-Korea.

Positivt initiativ

Tysdag handsama formannskapet saka, kor innstillinga frå ordførar Marie Bruarøy (H) var at ein skulle ta 50.000 kroner frå formannskapet sitt disposisjonsfond og gje til aksjonen.

– Det er veldig kjekt at Os næringsråd har tatt initiativet til ei sponsoravtale for Sverre , som ikkje har hovudsponsor per i dag. Det er ikkje kvart OL vi har ein osing som deltek, så dette bør kommunen vera med å støtta.

– Gjennom avtalen kan ein få Sverre til å stille opp på ulike ting for næringslivet og kommunen, slik at vi får litt tilbake. Han er ein inspirator for mange. Det er stas at vi har ein skøyteløper i verdsklasse. Vi har OL-deltakarar tidlegare, då blei det ikkje gjort på denne måten, men no har det kome eit initiativ frå Os næringsråd, så då meiner eg vi skal støtta det, argumenterte Bruarøy.

Eit forbilde

Ho fekk brei støtte frå dei andre i formannskapet.

– Eg er positiv, men kunne tenkt med at disposisjonsfondet sin saldo sto i saka, kommenterte Ståle Skaatun (H).

– AP vil også støtta saka. Sverre er eit flott forbilde for mange unge. Han har allerie vist at han gir noko tilbake til bygda, meinte Helge Steinum (Ap) før eit samrøysta formannskap løyvde 50.000 kroner frå disposisjonsfondet kor saldoen før saka var på vel 1,4 millionar kroner.

For ordensskyld: Jon Sivert Rykkel blei kjend inhabil i handsaminga av saka.

Er i god driv

Med støtta frå kommunen har aksjonen no passert 100.000 kroner på ei veke.

– Kommunen, Fløysand Tak og Næringsrådet sjølv er dei største bidragsytarane så langt, men vi har fleire som har bidratt med mindre summar. Vi opplever stor positivitet når vi er ute og snakker med bedrifter, så det kjem nok til å komma meir.

– Også på Vipps nummer 14097 har det byrja å røre på seg, så vi er i god driv, fortel Fredrik Schmidt Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.