Lokal | 27. okt. 2016

Har firedobla kontantstøtten

Os kommune utbetaler i år omlag 1,7 millionar kroner i kommunal kontantstøtte, ei firedobling frå første året.

Har firedobla kontantstøtten
I 2016 reknar Os kommune med å betala ut omlag 1,7 millionar kroner i kommunal kontantstøtte (ill.foto: Shutterstock.com)
Andris Hamretorsdag 27. okt. 2016 07:54

Politikerane i Os innførde i 2012 ordninga med kommunal kontantstøtte som følgje av ei endring i den statlege kontantstøtta.

I tenesteutvalet onsdag presenterte økonomikonsulent Jannicke Midtsem og barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang korleis ordninga har utvikla seg frå starten til i dag.

– Den har vokst. Det er fleire som får no enn då vi starta, og det er fleire som får for ei lengre periode enn tidlegare.

– Ordninga med kommunal kontantstøtte gjeld barn mellom 2 og 3 år, kor føresatte får utbetalt 6000 kroner i månaden under forutsetning av at barnet ikkje går i barnhage. Ordninga er tilpassa den statlege kontantstøtta, forklarte dei to.

Slik har den utvikla seg

Antal mottakarar og utbetalt sum har auka vesentleg siden oppstarten i 2012.

2012 – 29 barn – 421 000 kroner
2013 – 80 barn – vel 1,5 millionar kroner
2014 – 44 barn – rett under 1 million kroner (staten endra si ordning)
2015 – 45 barn – omlag 1,5 millionar kroner
2016 – 57 barn – omlag 1,7 millionar kroner

Overvekt av framandspråklege

Utbetalingane skjer til alle lag i kommunen, både ressurssterke og ressurs svake.

– Det er alle slags folk som søkjer på kommunal kontantstøtte, så det går ikkje ann å seie at det er den eller den gruppa menneskjer som søkjer, men det vi ser er at det er ei overvekt av søkarar med eit anna førstespråk enn norsk.

– No er det ikkje vår oppgåve å meine noko om ordninga, men vi veit kva det har å seie, spesielt i alderen 2 til 3 år og i høve språkopplæring, å gå i barnehage. Vi veit litt opp språkopplæring.

– Vi ønskjer å fokusera på det gode arbeidet som blir gjort i barnehagane og barnas utbytte av å byrje i barnehagen, forklarte Ullensvang.

Enklare når dei kjem i 1. klasse

Gisle Hesjedal (Ap) takka for klar tale.

– De skal slippe å gjera dei politiske prioriteringane. Det er det vi som skal gjera, men Ap har vore tydelege heile tida på at vi er mot kontantstøtte, både lokalt og nasjonalt. Når de seier at det er ei overvekt av framandspråklege, så betyr det at det er over 50%. Det kan ha ein veldig uheldig konsekvens i høve språk. Har vi elevar i skulen som mottek støtte frå til dømes PPT på grunn av manglande språk. kan det tenkast at vi treng mindre av det om ungane går i barnehage, undra Hesjedal.

– Det vi ser er at framandspråklege barn som har gått i barnehage er mykje enklare å ta inn i 1. klasse fordi dei har lært seg språket. Vi meiner jo at desse ungane ikkje bør gå i mottaksklassen som er eit alternativ, men at den skal vera for eldre barn som kjem rett frå utlandet, svara Per Olav Sørås, fagsjef for barnehagar og skular.

Halve prisen

Ingrid Netland (Sp) peika på at då ordninga blei innført, så var den også økonomisk motivert.

– Intensjonen i si tid var å gje valfridom, men sekundært låg det også ein økonomisk motivasjon fordi det var billigare enn å ha barn i barnehage. Kor mykje sparar Os kommune på å ha 57 barn på kontantstøtte, samanlikna med å ha dei i barnehage?

– Det er vanskeleg å svara på, fordi det varierer veldig kor lenge dei får kontantstøtta. Enkelt rekna kan ein seie at det kommunale tilskotet til barnehagane er 200 000 kroner for barn under tre år og 100 000 for barn frå tre år og opp. Seier vi at det er like mange små og store barn, så blir det eit snitt på 150 000 kroner per barn. Seier vi at vi utbetalar kontantstøtte for eit heilt år, så blir det 72 000 kroner, svara økonomikonsulenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.