– Har frykta det
Torsdag skjedde det Johannes Taule har frykta i årevis. Ein stein frå byggjefeltet på Hovland knuste ytterveggen på huset hans.
Bildeserie:
Johannes Taule har i årevis skrive leserinnlegg og ytringar omkring bygginga i skråningen på Hovland. Torsdag skjedde nettopp det Taule har frykta.
Under tilrettelegging av ei ny tomt, falt ein stein på omlag 100 kilo ned skråningen og traff husveggen til Taule. Taule kan ikkje forstå at kommunen tillot utbygginga i første omgang.
– Eg sat på kontoret på Eldresenteret då kona ringte.
– Ho var heime då det skjedde og skjønte med ein gong kva som skjedd då det smalt i huset.
– Heldigvis traff den ytterveggen i gangen og ikkje soverommet, fortel Taule medan han viser fram skadene.
La ikkje merke til det
Den nymala panelen på ytterveggen er knust. Stenderen som støttar vindauget i gangen likeeins. Inne har panelen løsna og flytta seg 10 centimeter.
– No er det berre å venta på at takstfolka frå forsikringsselskapet kjem.
– Entreprenøren var her nede og beklaga og tilbydde seg å skaffa snekrar, men det får venta til vi har fått taksert det.
– Han hadde ikkje merka at steinen forsvann nedover skråninga eingong, fortel Taule.
Rododendron bremsa farta
Då Taule flytta inn i huset i Strønevegen i 1972 planta han ein rododendronhegg i skråningen bak huset. Dei førti år gamle buskane var med på å gjera skaden mindre.
– Hadde det ikkje vore for buskane og trea hadde nok steinen kome gjennom taket på huset i staden.
– Då kunne det gått verre.
– No er det tross alt berre materielle skader og det går ann å fiksa, avsluttar Taule.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.