Kultur | 25. sep. 2014

Har hatt ein fin sommar

Sundag avsluttar elevar frå Kongshaug Musikkgymnas sesongen på Museet Lysøen. – Det blir slutten på ein flott sommar her ute, seier Berit Høgheim.

Har hatt ein fin sommar
Museumssjef Berit Høgheim fortel om ein fin sommar på Lysøen (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 25. sep. 2014 11:24

Som i resten av landet har det vore ein flott sommar også på Lysøen.

– Folk har brukt øyen masse.

– Dei har kost seg, badet og gått tur. Det tykkjer vi er veldig kjekt.

– I tillegg har det vore bra med besøk både i kafeen og i huset forøvrig. Dei eksakte besøkstala er ikkje klare enno, men vi er forhåpentlegvis litt over talla frå i fjor, fortel avdelingsleiar og sjef for museet, Berit Høgheim.

Arrangement kvar sundag

Ei nyvinning denne sesongen har vore at dei har hatt eit arrangement kvar sundag.

– Det har vore konsertar og foredrag av ymse slag. Mange av dei gratis.

– Dette er noko vil planlegg å halde fram med. Vi har lyst til at folk skal vite at på sundager, då skjer det noko på Lysøen.

Kongshaugelevar avslutter

Til å avslutta sesongen har Høgheim fått med seg elevar frå Kongshaug Musikkgymnas under leiing av Grete Inger Berge.

– Det er kjekt å avslutta med nettopp dei.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med Grete Inger og Kongshaug i fleire år, men det byrjar å bli ei stund sidan vi har fått oppleva konsert med dei her ute, så det gler vi oss veldig til.

Veneforeninga betyr mykje

Museumssjefen fortel at samarbeidet med lokale lag og foreningar er godt og viktig for museet.

– Vi har hatt samarbeid og arrangement med både Lysekloster idrettslag og Lysekoret.

– I tillegg har vi eit særs godt samarbeid med Lysøens vener, som gjer ein utruleg god innsats for oss.

– Dei vel 100 medlemmane i foreninga stiller opp seint og tidleg og har eit fantastisk engasjement. Det er så flott å ha dei med på laget, skryt Høgheim.

Mykje på gang

Både museet og veneforeningen har fleire prosjekter på gang framfor neste sesong.

– Mange prosjekt har blitt gjennomført, og fleire kjem det til å bli.

– No stenger vi den ordinære drifta, men grupper på minst 20 personer kan framleis komma ut her etter avtale.

– Vinteren skal vi nytta til diverse vedlikehald, mellomanna å felle eindel trær rundt huset og å planlegga for neste år.

– Eg håpar vi får til arrangement på same måte som i år, avsluttar Berit Høgheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.