Knut Spangelo Haga går til Sotra etter fire sesongar for Os sitt A-lag. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Har hatt han på ønskjelista lenge

Knut Spangelo Haga einig med ny klubb.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Knut Spangelo Haga, som fyller 20 år til hausten, signerer i dag eitt år proffkontrakt med SK Sotra.

Norenesingen Knut debuterte og fekk 6 kampar for Os sitt A-lag i 2014. I 2015, '16 og '17 har det blitt 19, 25 og 26 kampar på venstrebacken med den gode venstrefoten.

– Det er tre år sidan eg la merke til han første gang. Eg synest Knut er vaksen for alderen, både i fysikk og spelestil. Vi sendte brev på han med det same 2017-sesongen var over, seier Sotra-trenar Tommy Knarvik.

– No har vi hatt han på prøvespel og fått eit endå betre inntrykk, både av han som spelar og som type. Han har gode haldningar, er offensiv i stilen og viser at han er opptatt av eigen utvikling.

I kveld speler Spangelo Haga treningskamp for Sotra mot Nest-Sotra.

Interesse frå fleire

Etter at Os i haust rykte ned ville Knut prøva seg hos andre klubbar på høgare nivå.

– Eg har vore innom Åsane, Nest-Sotra, Fana og Lysekloster no i vinter. Eg fekk godt inntrykk av fleire, men er glad det no blei avtale med Sotra, eg har sans for både trenarteamet og spelarane, seier Knut til Midtsiden.

Han studerer ved Høgskolen i Bergen for å bli gymlærar, og vil no flytta ut heimefrå til hybel ein plass nær Bergen for å redusera reiseavstandane.

– Eg vil òg takka Os, som tok så godt imot meg då eg kom frå Nore Neset, og som har vist meg så mykje tillit. Det har vore nokre fine år, og det er vemodig å skifta klubb.

Knarvik seier han har hatt god dialog med Os Fotball i prosessen, og takka dagleg leiar Endre Brenne for velvilje i samband med overgangen.

Vidare satsing på Sotra

I Sotra føler Knut at han vil halda fram med å få tillit. Det seier også Knarvik.

– Han er ein av få vi har på proffkontrakt, og vi ser på Knut som vårt førsteval på venstreback, seier Sotra-trenaren.

Etter å ha landa på 2. plass tre år på rad mista Sotra toppskårar Dang og fleire andre før fjorårets sesong.

– Eg synest likevel det blei ein bra sesong, ei heldig skåring av Fyllingsdalen på tampen gjorde at det blei 5. plass og ikkje 3. plass, med eit ganske ungdt og nytt mannskap. Fleire av dei hadde ikkje spelt verken 3. eller 4. divisjon før, og blei slengt inn i noko som nesten er 2. divisjon.

– Vi er betre rusta i år, men å kjempa mot Fana, Førde, Brann 2, Lysekloster og Fyllingsdalen blir tøft det òg.