Roar Haugsgjerd har traska mil etter mil i Osnaturen for å registrera og merka turane for deg (foto: Andris Hamre)

Har kartlagt 17 turar i Os

Roar Haugsgjerd har traska utallige mil og turar, gjerne fleire gonger, for å gje deg dei beste turopplevingane. No er 17 av turane klare på ut.no.

Av: Andris Hamre

I 2011 søkte Os kommune, saman med Os Turlag og Bergen og Omland Friluftsråd om midlar til å merka og gradera turstiane i Os i tråd med ny nasjonal standard.

Saman med turlaget har Roar Haugsgjerd, ansvarleg for merkeprosjektet i Os kommune, fått merka opp fleire av dei flotte turane i kommunen.

Registrert på UT.no

No har også fleire av turane blitt registrerte med kart og omtale og lagt ut av kommunen på UT.no.

Sjå turane her 

– Det har blitt ein god del mil trasking i skog og mark for å få ei så presis registrering som mogleg.

– Dette er turane som er klare så langt, men det kjem til å komma fleire etterkvart. Dei vil òg bli oppdatert med fleire og nye bileter, seier Haugsgjerd til Midtsiden.

Les òg: 

Os sitt mest populære fjell
SjekkUT Os-fjella 

Med GPS og godt humør

Grunnlaget som no er registrert er logga med GPS.

– Eg har nytta GPS for å registrere dei. Turane har eg gått om igjen og om igjen for at vi skulle få ei så presis måling som mogleg. Det har vore litt avvik frå gang til gang, så då har det blitt ein ny tur, slik at det blir så rett som mogleg råd er, seier Haugsgjerd, som skryt av turglade osingar.

– Det er så kjekt å møta blide og hyggeleg folk på tur. Det er enormt med folk som går på tur. Eg håper at dette vil vera med på at enno fleire kjem seg ut i naturen.

Motivasjon å nærma seg målet

I tillegg til målingar for kartet, har Haugsgjerd merka stikryss og avstandar til turmålet.

– Spesielt frå barnefamiliar får vi tilbakemeldingar om at dei tykkjer det er kjekt at vi har merka turane. Det er ein eigen motivasjon å vita at turen er omlag så lang, for så å møta eit skilt som seier at no er du nesten framme, no er det berre ein kilometer igjen til målet, smiler turgeneralen.

Har ein personleg favoritt

På spørsmål om han har ein eigen favoritt blant turane i Os er Hauggjerd tydeleg.

– Midtsæterfjellet er fantastisk fint. Der har du utsikt i alle retninger og kjem opp på snaufjellet.