Næringsliv | 09. jan. 2018

Har kjøpt inventaret frå konkursbuet

Kan Halhjem Kafé få nytt liv?

Har kjøpt inventaret frå konkursbuet
Leigetakarane pussa opp våren 2015. No har huseigar kjøpt inventaret frå buet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. jan. 2018 10:25

Bildeserie:

Halhjem Kafé var i drift i 49 år, dei siste 20-30 åra berre med søndagsope. (Foto: KVB)
Halhjem Kafé var i drift i 49 år, dei siste 20-30 åra berre med søndagsope. (Foto: KVB)
Kafeen har òg fungert som selskapslokale for lukka lag til store dagar. (Foto: KVB)
Kafeen har òg fungert som selskapslokale for lukka lag til store dagar. (Foto: KVB)
Også underetasjen blei renovert av leigetakar. (Foto: KVB)
Også underetasjen blei renovert av leigetakar. (Foto: KVB)
1 av 3
Halhjem Kafé var i drift i 49 år, dei siste 20-30 åra berre med søndagsope. (Foto: KVB)
Kafeen har òg fungert som selskapslokale for lukka lag til store dagar. (Foto: KVB)
Også underetasjen blei renovert av leigetakar. (Foto: KVB)

Fredag 26. januar skal Halhjem Kjøkken AS si konkursbegjæring behandlast i retten.

Huseigar Karla Larsen, som søndag 15. mars 2015 hadde siste opningsdag i den 49 år gamle familieverksemda Halhjem Kafé, har kjøpt alt inventar ut av buet.

– Eg vil snart ut i marknaden for å sjå etter nye leigetakarar. Det har vore to-tre interessentar allereie, seier Karla.

Tap, gevinst og risiko

Huseigar er ein av dei større kreditorane i buet. Familiemedlem og tidlegare revisor Roald Stigen hjelper Karla med papirarbeidet etter at leigetakaren leverte oppbod.

– Vi reknar ikkje med at det er pengar i buet, og ser desse pengane som tapt, seier Stigen.

Larsen fortel at ho fekk leige for det første året. Dette året var leiga redusert, sidan leigetakarane brukte mykje pengar på å pussa opp.

– Totalt sett har det nok vore ein gevinst, for leigetakarane gjorde ein omfattande jobb med å pussa opp både kjøkken og to etasjar med restaurant og selskapslokale. Inventaret fekk eg kjøpt til ein fin pris.

– Men det har blitt nokre utgifter og tapte inntekter, så eg håper å få på plass ny leigetakar snart.

– For fint til å stå tomt

Halhjem Kjøkken AS fekk 2,5 år med drift. Omsetnaden løfta seg frå 1,4 til 1,9 millionar frå 2015 (opna i mai 2015) til første år med heilårsdrift, 2016. Underskotet blei redusert frå 1,4 til 0,5 millionar kroner.

Som Os & Fusaposten og Bergensavisen omtalte i haust, så hevda eigarane av restaurantselskapet at dei hadde ein avtale med Veidekke, som Veidekke ikkje heldt. Då Halhjem Kjøkken AS tapte i retten, leverte dei oppbod.

Karla er ikkje interessert i å opna kafé igjen sjølv, men synest lokalet er for fint til å stå ubrukt.

– Å berre driva utleige av selskapslokale er jo eit alternativ, men i så fall ikkje noko eg har lyst å styra med sjølv. Uansett vil eg først prøva å få inn ein leigetakar som vil driva både kafé eller restaurant, og som eventuelt leiger ut eller opnar for større selskap.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.