F.v.: Jan Frode Skeie, Odd Arne Larsen, Tor-André Skeie og pappa Johan Skeie etter innflytting i lager og hovudkontor i Ådnadalen sommaren 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Har kjøpt seg ut av MX Sport-kjeda

Larsen og brørne Skeie har kjøpt kjeden sine aksjar og vil no finna nytt namn til sine eigne seks butikkar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

MX Sport Bergen Holding AS, som eig MX Sport-butikkane på Os, Laguneparken, Åsane, Sletten Senter, Askøy og Sotra, har fått ny eigarstruktur.

Selskapet bak MX-kjeda, T Fjelland & Co, hadde tidlegare 50 prosent av aksjane i holdingsselskapet til dei seks butikkane på Vestlandet, men no har brørne Jan Frode og Tor-André Skeie, saman med Odd Arne Larsen frå Bergen, kjøpt kjeden sine aksjar.

– Vi har saman med ein investor frå Oslo, Edvin Austbø, danna eit nytt holdingselkap, Invent Sport AS, som blir eigar for både MX-butikkane våre, Sport Outlet AS og importselskapet Elements Production AS, fortel Jan Frode Skeie.

Til saman hadde selskapa ein omsetnad på over 500 millionar kroner i 2016.

Brørne Skeie, Odd Arne Larsen og Edvin Austbø eig 24,75 prosent kvar av Invent Sport AS. Osingen Ketil Jørgensen eig den siste prosenten.

– Vemodig å mista MX-namnet

Det er 25 år sidan Jan Frode Skeie overtok sportsbutikken på AMFI Os etter Erik Just Olsen, som skulle til Lillehammer og jobba før og under OL. Jan Frode fekk med seg broren Tor-André og pappa Johan og familien opna Os Sport til Landsskytterstemna i Os sommaren 1992.

Tor-André gjekk på gymnaset då dei starta butikken. Etter at han fullførte og kom i full drift reiste Jan Frode til Hellas som fotballproff, men i 1994 blei han henta heim igjen. Då skulle dei starta ein stor butikk i Laguneparken. Os Sport var med i kjeden T Fjelland & Co, og Skeie-brørne var før opning på Lagunen med på å gje kjeden nytt namn, MX Sport.

– I Laguneparken kom også kjeda inn på eigarsida, og vi tok butikken på Os inn i same holdingselskap. Allereie den gong var det snakk om at vi ein dag skulle kjøpa tilbake kjeden sine aksjar, seier Jan Frode, som i 2005 fekk den lokale medeigaren Odd Arne Larsen med på eigarsida og i leiinga.

Med tida har aksjane blitt stadig meir verdt, og det har vore lange forhandlingar før handelen gjekk i boks.

– Det har vore ein ryddig prosess og vi er glade for at alt har gått i orden. Vi har hatt ei god og lærerik tid med Fjelland og MX Sport.

– No vil vi bruka tida framover til å finna eit namn på vår eiga vesle kjede. Det blir vemodig å gå frå MX-namnet, eit namn vi sjølv var med på å gje kjeda. Namnet betyr ikkje noko, det er berre to bokstavar som står godt til kvarandre og som er lett å seia, men det har vore ein del av identiteten vår lenge.

Står heilt fritt

Dei store MX Sport-eigarane i bergensområdet har lenge jobba ganske sjølvstendig, både med marknadsføring, innkjøp og import, arrangering av skimesse og sportsmesse i Grieghallen - og med oppretting av Sport Outlet AS, ein kjede som i fjor utvida med heile 11 butikkar.

Til saman omsette dei 30 butikkane for 349 millionar kroner i fjor (resultat: 31,4 mill før skatt), og kjeda held fram med å veksa i 2017.

• Les òg: Skeie sitt nye sportseventyr

– Det er ein stor fordel å vera lokal eigar, å kunna by på eit handplukka utval tilpassa forholda på Vestlandet.

– Vi har jobba ganske sjølvstendig, men blir no heilt frie. Dei seks MX Sport-butikkane våre, som til sommaren får nytt namn, har samla sett eit volum som er stort nok til at vi kan halda fram med å tilby gode prisar på kvalitetsvarene i utvalet.

– Vi vil halda fram med å jobba etter same filosofi - høg fagleg kompetanse hos våre tilsette - og stort utval innan satsingsområda tekstil, sko, sykkel, ski, friluftsliv, mosjon og klubb (handball og fotball).

• Les òg: Utvida med nok ein butikk

– Har Invent Sport ambisjonar om òg å auka talet på butikkar i den nye kjeda?

– Vi er store nok som vi er, og er opptatt av å ha både dei rette folka og den rette lokalisasjonen. Men vi har eit system som raskt kan få fleire butikkar oppe og gå, og vi kjem til å ha augene opne, seier Jan Frode Skeie.

• Les òg: MX Sport flytta inn i Lidlbygget

Den nye eigarstrukturen var ifølgje sportsbransjen.no gjeldande frå 30. mars i år. 1. juli er dei seks butikkane ute av MX Sport-kjeda. 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Brann imponerte ikkje

24. mai 2017

Eit offensivt Lysekloster viste lite respekt for eliteserielaget Brann i 2. runde i cupen.

bilde-midtsiden

Festen i gang

24. mai 2017

Toppskårar Kristoffer Østervold er klar til å tukta Brann. Her er laga som startar. Oppdatert: Pause i Lysefjorden

bilde-midtsiden

Nor-Mær flaggar heim til Os

24. mai 2017

Etter over 20 år med produksjon av oppdrettsanlegg flyttar Os-selskapet fabrikken til heimbygda.

bilde-midtsiden

Tre på regional talentsamling

24. mai 2017

Nora Johnsen, Stine Eide og Malene Massi Fagertun er teke ut på regional talentsamling i håndball for J2002.

bilde-midtsiden

Første del av ferjefri E39 vedtatt

24. mai 2017

E39 Ferjefri: Stortinget vedtok i går at Rogfast skal byggast. Sjå Statens vegvesen sin animasjonsvideo av heile Ferjefri E39 her.

bilde-midtsiden

Tar Lysekloster på alvor

24. mai 2017

Brann tar ikkje lett på oppgåva når dei møter Lysekloster i 2. runde i cupen onsdag kveld. – Det er eit bra lag, seier Lars Arne Nilsen.