Lokal | 23. apr. 2013

– Har levd som kongeleg

Forskjellen på Moldova og Noreg er enorm. – De må lære dykk å settje pris på landet dykkar, seier studentane frå Ion Creangã universitetet i Chisinau etter ei veke på Os.

– Har levd som kongeleg
Vitalii Corj, Mariane Colta, Galina Gradinari, Adela Gutu, Valeria Tonu, Barbãneagrã Alexandra og Maia Mileac på vitjing hjå Os vidaregåande skule (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 23. apr. 2013 11:37

Hans Bjørn Bakketeig leiar organisasjonen Hjelp Moldova. Elevar ved Os vidaregåande skule og Os gymnas støttar organisasjonen, og har fleire gonger vore med Hans Bjørn til landet som er det fattigaste i Europa. Denne veka har fire studentar og tre lærarar frå Ion Crengã Universitetet i Chisinau, hovudstaden i Moldova, vore på gjenvisitt.

– Det har vore heilt utruleg og berre fantastisk, strålar dei sju når Midtsiden møter dei på Os vgs før den siste middagen med norske vener.

Ville visa fram Noreg

Ion Chengã universitetet er eit statleg universitet med vekt på pedagogisk utdanning med fakultet for IT, utenlandsk språk, psykologi, filosofi, historie, pedagogikk, kunst og design, etterutdanning og ledelse og sosiale profesjonar som dans, musikk og sport. Universitetet er eitt av dei eldste i Moldova.

– Hensikten med vitjinga har vore å få eit innblikk i korleis skulene i Noreg driv og korleis lærarane og elevane har det her på Os, forklarar Barbāneagrā Alexandra, vise-rektor på universitetet.

– I tillegg hadde eg veldig lyst at nokre av kollegaene og studentane mine skulle få oppleve det vakre landet dykkar, smiler vise-rektoren.

Har budd i eit "slott"

Dei sju har vore innkvartert i ein privat bustad i Hagavik.

– Vi har budd som konge og dronningar i eit enormt stort hus, mest som eit slott med havutsikt, fortel Adela Gutu, engelsklæraren som òg har fungert som sjåfør på turen.

– De er så heldige så har så perfekte vegar over alt, seier ho etter å ha køyrd mellom Hagavik og Bergen.

– De må lære dykk å setja pris på landet dykkar. De har det utruleg bra her, legg ho til.

- Ein anna ting, er de har verdas beste vatn. Tenk å kunne tappa så godt vatn rett frå springen. De må få lagt ein ledning til Moldova, skyt Alexandra inn.

Første gong utanlandsk

For dei fire studentane har turen til Noreg vore ei stor oppleving.

– Det er første gong vi har vore ute av Moldova, og første gong vi har reist med fly.

– Den følelsen eg fekk i magen då flyet letta og eg blei pressa tilbake i setet var utruleg. Vi hadde litt turbulens før vi landa i Bergen, men det gjekk fint, forsikrar Vitalii Corj, den einaste guten i flokken.

Reisa tok 12 timar frå dei forlot Chisinau til dei kom til Os. Då hadde turen gått via Riga og Bergen.

Håp om ei betre framtid

Dei sju har helde føredrag for elevane på dei to vidaregåande skulane og fortalt om landet dei lever i.

– Vi har ikkje så mykje no, men er optimistiske og har håp om ei betre framtid.

- Korleis har møtet med dei norske elevane vore?

– Heilt fantastisk. Alle er så gjestmilde, vennlege og generøse.

– De er eit mykje meir stille og roleg folk enn det vi er, men når de først opnar dykk er de berre fantastiske.

– Vi har hatt mange interessante og gode samtalar, fortel Corj.

I tillegg til vitjing på skulene har dei fått med seg sightseeing i Bergen, båttur i skjergarden rundt Os og konsert både på Oseana og Peppes.

– Det var artig å høyra musikken i kulturhuset. Den var veldig lik våre eigne folketonar, avsluttar Vitalii Corj.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.