Rådmann Christian F. Fotland fortalde at administrasjonen no har sendt prospekt på ny politistasjon på Moberg (foto: Andris Hamre)

Har levert prospekt til politiet

Kommunen ønskjer politistasjon på Moberg. Har gitt konkret prospekt til politiets fellestjenester.

image
image
Av: Andris Hamre

I august annonserte Politiets Fjellestjeneste etter lokaler til nytt lensmannskontor i Os kor dei mellom anna stilte følgjande krav.

  • Os lensmannskontor er hovedsete for tjenesteenheten region Os og Austevoll, og ønsket beliggenhet er fortrinnsvis langs E39. Det søkes etter moderne, fleksible og energieffektive lokaler anslagsvis 1300-2000 kvm brutto i eksisterende, rehabiliterte eller nye lokaler. Lokalene må inneholde alminnelig god standard og være sikkerhetsmessig egnet for politiets virksomhet.
  • For å tilfredsstille tilgjengelighet for publikum og politiets operative virksomhet må lokalene ha enkel adkomst og tilfredsstille kravene til universell utforming. Lokalene skal ha gode parkeringsmuligheter for publikum, både biler og sykler. Det må være innvendig parkering for politiets kjøretøy (6-10 biler), med separat utkjøring/port som skal ligge i nærheten til utrykningsgarderobe. I tillegg må det være mulighet for parkering av politiets øvrige kjøretøy. 
  • Lokalene bør være innflyttingsklare senest 1.3.2019

Unik nasjonal pilot

Rådmann Christian F. Fotland fortalde at administrasjonen greip ballen og fekk laga eit prospekt.

– Vi tok oss den fridom å jobba ut eit lite prospekt med tilknyting til beredskapssenteret på Moberg. I kommunen er det eit sterkt ønskje om samlokalisering. Dette er ein unik moglegheit til ein nasjonal pilot kor samtlege nødetatar er samla på ein plass.

– Med det utgangspunktet vi har med samlokalisert legevakt, ambulanse, brann og redning, så meiner vi at den tomta som ligg rett sør for beredskapssenteret har virkeleg store moglegheiter, innleia rådmannen.

Samlokalisert med OHARA

Faktisk er forslaget ikkje berre ei samlokalisering med dei andre nødetatane, men også med driftsbygningen (kontora) for det kommunale renseanlegget (OHARA).

– Vi har presentert eit bygg på 2000 kvadratmeter som ivaretek alle politiet sine kravspesifikasjoner. Det blir  eigen inngang for politiet med parkering i kjellaren. Ei forutsetning er at ein del av bygget blir driftsbygning, med eiga inngang, for OHARA. Ved å sjå dette i ein samanheng slår vi fleire fluer i ein smekk.

Har trua på å komma vidare

Rådmannen fortalde vidare at han har drøfta det med lensmannen som, i følgje rådmannen, er overbegeistra og entusiastisk.

– Det neste steget no er forvaltningstenesta, som vil koma tilbake med detaljert kravspesifikasjon til bygget inkludert romprogram, tal på fengselceller, varetektsceller, parkeringsplassar og liknande til den eller dei som har det beste prospektet.

– Eg føler meg ganske trygg på at vi kjem med i neste runde. Dette kan dei ikkje seie nei til.

– Då tenkjer eg å koma tilbake med ein politisk sak på dette for vi må ha det inn i investeringsprogrammet finansiert av leigeinntektene. Eg har spurt kvifor Statsbygg ikkje vil byggja sjølv, men det gjer det visst stort sett berre i dei store byane. I distriktet er det vanleg å leige, forklarte Fotland.