Sport | 20. nov. 2016

Har liten tru på Os - held Lysekloster som favoritt

Bookmakarane held Lysekloster som seriefavoritt i 2017. Os blir tippa på nedste halvdel.

Har liten tru på Os - held Lysekloster som favoritt
Jubel etter skåring og siger på overtid i NM-runde mot Os i vår. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. nov. 2016 09:00

Laurdag blei avdelingsoppsettet for 2. og 3. divisjon offisielt, der det kom fram at Os og Lysekloster hamnar i same avdeling neste år.

- Lysekloster, Fyllingsdalen og Brattvåg er ein jamn trio som får vårt favorittstempel i den rekkefølga, seier Daniel Vassbund frå NordicBet.com.

Lysekloster gir 3.50 i odds, Fyllingsdalen gir 4 i odds og Brattvåg i 5 i odds, og er oddsfavorittar framfor Brann 2 og Sotra, begge til 7 i odds.

- Stord og Haugesund 2 er outsidarar i ei svært sterk avdeling, definitivt ei av dei sterkaste 3. divisjonsavdelingane, seier Vassbund.

Tipper Os på 10. plass

Nordicbet har ikkje like stor tru på Os, men seier det kanskje ikkje er så mykje som skal til for at dei er med i toppen.

Dei har førebels Os på 10. plass.

– Det seier mykje om kor sterk avdelinga er, men det skil ikkje meir enn at Os får ei forsterking eller to så klatrar dei i vårt tips.

Vinnarodds 3. divisjon avd. 4 (frå NordicBet.com)
1. Lysekloster 3.50
2. Fyllingsdalen 4.00
3. Brattvåg 5.00
4. Brann 2 7.00
5. Sotra 7.00
6. Stord 10.00
7. FK Haugesund 2 15.00
8. Herd 17.00
9. Førde 20.00
10. Os 22.00
11. Aalesund 2 40.00
12. Spjelkavik 40.00
13. Varegg 40.00
14. Fjøra 75.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.