Daniel Skotheim, her saman med Gunnar Nagell Dahl og Silja Døsen Moberg under arrangementet laurdag gler seg over tilbakemeldingane (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Blir det fleire store måltid?

Bjørnafjordmåltidet: – Tilbakemeldingane er fantastiske, seier Daniel Skotheim.

Av: Andris Hamre

Laurdag serverte 13 kokkar, 10 elevar frå Fusa vgs og omlag 30 servitørar 4.620 porsjoner lokalmat fordelt på 21 rettar i Det Store Bjørnafjordenmåltidet

– Tilbakemeldingane vi har fått har vore enormt gode. Eg har aldri opplevd makan til skryt etter eit arrangement, seier Daniel Skotheim i Bjørnafjorden Matkultur.

Blei wow-opplevinga dei håpte på

Blant dei 220 gjestane var det mange som lurte på om dei kunne kjøpa billett til neste måltid allereie då dei gjekk frå Oseana laurdag kveld.

– Betre attest kan ein vel nesten ikkje få. Vi greidde å oppnå det vi håpte på, ei skikkeleg wow-oppleving, men no skal vi ta oss litt tid til å evaluera skikkeleg før vi avgjer kva vi skal gjera vidare. Vi har sendt ut eit spørjeskjema til dei som var der, så no skal dei få trilla terning og komma med ei skikkeleg tilbakemelding.

– Når det er på plass så får vi ta ei runde internt på kva vi skal gjera. Eg vil ikkje lova noko enno, men at det var gøy er det ikkje tvil om. Vi kjem nok til å gjera eitt eller anna neste år, seier Skotheim.

Enorm dugnadsinnsats

Eitt av kriteria dei må ta med seg når dei evaluerer er kva dei lokale leverandørane og dei på kjøkenet fekk ut av kvelden.

– Sjølv om vi føler at det blei ein suksess, så må dei også få gje tilbakemelding på korleis dei opplevde det.

–  Poenget med å gjera dette var jo å gjera den lokale maten og råvarene kjent og tilgjengeleg, og å løfta fram dei lokale restaurantane og kokkane rundt Bjørnafjorden.

– Dei 690 kronene som folk betalte for kuverten dekkjer jo ikkje dei reelle kostnadane. Det var eit skikkeleg spleiselag og mykje frivillig innsats frå dei som sto på kjøkkenet og i serveringa. Uten den innsatsen hadde vi ikkje kome i mål.

– Om også dei som sto bak føler at det var ein suksess så er det klart at det kan vera aktuelt å gjera det igjen, avslutter Skotheim, som skryt av Oseana som vertsskap.

– Dei leverte. Det er ikkje mange andre plassar vi kunne hatt eit så stort arrangement som dette.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.