Lokal | 03. mai 2016

Har nådd ny milepæl

E39 Svegatjørn-Rådal: 150 000 kubikk med massar er flytta på i Endelausemarka i løpet av to månadar. Onsdag går første salven på Lyshorntunellen frå Os-sida.

Har nådd ny milepæl
Veidekke og underentreprenørane feira at dei er klare for tunelldriving med kake måndag (foto: Hans Aakre, Veidekke)
Andris Hamretirsdag 03. mai 2016 11:31

Det blir ein ny merkedag for E39 mellom Os og Bergen når Veidekke onsdag skyt dei første salvane på Lyshorntunellen frå Os sida.

– Vi er allereie godt i gang med drivinga frå Hamre-sida og har vel kome 40 meter avgarde frå tverrslaget både i retning Os og i retning Rådalen, fortel prosjektleiar Trygve Slåke i Veidekke.

150 000 kubikk på to månader

Dagsonegjengen til Veidekke og underentreprenørane, som har hatt ansvaret for å klargjera området i Endelausemarka for tunelldriving kunne måndag feire milepælen med kake og fotoshoot.

– Frå 18. februar og fram til 15. april har vi flytta 150 000 kubikk med masser. I tillegg er det renska 28 000 kvadratmeter med fjell, fortel Hans Aakre, anleggsleiar for dagsonane.

Rundt 50 personar har vore i sving til ein kvar tid med arbeidet.

Som planlagt

Anleggsleiaren fortel at arbeidet stort sett har gått greitt og som planlagt.

– Nokre uforutsette ting er det alltid med store prosjekt som dette, ein veit aldri heilt kva kvalitet som er på fjellet og kor djupe myrene er, men i det store og heile har det gått greitt.

– Vi ligg meir eller mindre på plan i høve oppstart av tunelldrivinga, fortel Aakre.

Startar mot Os i august/september

Veidekke startar no med å driva begge tunell-løpa mot Rådal og er med det i gang med å driva heile åtte tunellløp.

To frå Endelausemarka mot Hamre, to frå Hamre mot Endelausemarka, to frå Hamre mot Rådal og to frå Svegatjørn mot Endelausemarka.

– Dei to tunell-løpa frå Endelausemarka mot Os kjem vi til å starta på i august/september, avsluttar Slåke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.