Lokal | 10. feb. 2017

Har nye fråværsreglar hatt effekt?

Nye reglar med 10 prosent-grense skapte debatt i haust. Her er Os vgs og Os Gymnas sin fasit etter første halvår.

Har nye fråværsreglar hatt effekt?
Os Gymnas opplever utelukkande god effekt av nye fråværsreglar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. feb. 2017 09:16

– Dette er noko vi ikkje har bedt om frå vår skule. Vi har berre 3,7 prosent fråfall, enkelte andre skular i Noreg har nesten det tidoble, sa elevinspektør ved Os vgs, Harald Natvik, på eit foreldremøte i haust.

– Men om dette får færre til å droppa ut av skulen så er det eit bra tiltak, la han til.

• Spørsmål og svar frå møtet: Les meir om dei nye reglane og grensene på 10 og 15 prosent

Verken Os vgs eller Os Gymnas såg på fråvær som eit stort problem før regelen blei innført.

Samtidig fortel begge om svært mykje betre tal for hausten 2017.

– Hos oss er fråværet halvert, seier rektor ved Os vgs, Johan Henrik Lassen.

Skulen reduserte også fråværet frå 2014 til 2015, då det gjekk ned frå 10 til 4,4 % på eitt år.

– Noko dei kan ta med seg inn i arbeidslivet

Rektor ved Os Gymnas, Trond Eikeland, har ikkje tala framfor seg, men fortel om liknande effekt av dei nye reglane.

– Alle lærarane eg snakkar med fortel om stor betring. Vi hadde lågt fråvær frå før, men det blei ein del enkelttimar, at elevar kom litt ut på dagen eller gjekk før skulen slutta.

– No har vi eit langt betre oppmøte, noko som kjem elevane til gode. Det er klart dei lærer meir når dei får med seg meir av undervisinga. Dette har berre hatt positiv effekt for våre del, og vi er ikkje i tvil om at det var rett av departementet å innføra desse reglane.

– Eg trur dessutan at dette er med å bygga ein kultur for å møta opp, og håper at dei gode vanene er noko dei tar med seg inn i arbeidslivet.

Avdekkar dokumentert fråvær

Trass nye reglar har Os Gymnas elevar som passerte 10 prosent før jul.

– Ved oppfølging av desse så har det blitt funne at noko av det udokumenterte fråværet likevel kunne dokumenterast, og prosenten gjekk ned. Andre som er i grenseland får oppfølging av ressursteamet vårt.

– Dette ressursteamet består av veldig dyktige folk og dei er ein avgjerande faktor i oppfølging av elevane i samband med det nye regelverket.

I tettare dialog med russen

No er det vårsemester og det går mot ei tid der det kan vera meir fristande å ta seg fri nokre enkelttimar. Tredje trinn, som er russ i år, er kanskje ekstra utsett for å gå glipp av dei første timane enkelte dagar.

– Vi har prøvd å ha ein tett dialog med russen kvart år, og vil følgja dei ekstra godt opp i år. Det er synd om nokon søv frå seg eit vitnemål.

– Her skal det gå begge vegar, om det er enkelte tiltak eller kveldar som er viktigare for russen, at vi må tilpassa undervisinga. Vi er her for elevane og vil, så langt det lar seg gjera, laga eit opplegg som gjer at dei får dagane sine til å gå opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.