Sport | 11. nov. 2014

Har nytt trenarteam på plass

Desse tre skal leia Lysekloster sitt A-lag neste sesong.

Har nytt trenarteam på plass
Lysekloster har nytt trenarteam på plass. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. nov. 2014 08:09

Bildeserie:

Thomas Sandal blir manager for Lysekloster sitt A-lag. (Foto: KVB)
Thomas Sandal blir manager for Lysekloster sitt A-lag. (Foto: KVB)
Ørjan Sandal og Tore Nielsen blir trenarar for A-laget.  (Foto: KVB)
Ørjan Sandal og Tore Nielsen blir trenarar for A-laget. (Foto: KVB)
1 av 2
Thomas Sandal blir manager for Lysekloster sitt A-lag. (Foto: KVB)
Ørjan Sandal og Tore Nielsen blir trenarar for A-laget.  (Foto: KVB)

I oktober blei det kjent at Torbjørn Birkelund og Øyvind Olsen ikkje fekk halda fram som trenarar for Lysekloster sitt A-lag.

No er nytt trenarteam på plass.

– Vi får eit team med éin manager og to trenarar, fortel dagleg leiar Ørjan Sandal.

Nielsen og 2 x Sandal

Ørjan trer sjølv av som dagleg leiar for å bli ein av trenarane. Den andre blir Tore Nielsen, som har leia Lysekloster 2 denne sesongen.

Manager blir Ørjan sin bror, Thomas Sandal, som dei siste åra har vore med både som spelar og i ulike trenarroller.

– Kva legg du i manager-omgrepet?

– Vi blir eit team der Thomas har det overordna ansvaret, med meg og Tore på den utførande delen.

– Korleis blir ansvarsfordelinga? Får vi sjå ein Thomas med skjorte og slips leia laget i kamp?

– Ansvarsfordelinga er klar, men denne skal presenterast for spelarane når dei måndag er tilbake frå ferie.

– Det blei freistande

– Det var ikkje meininga at eg skulle tilbake på feltet allereie no, men behovet var der og det var samtidig veldig freistande etter to år vekke frå kunstgraset, seier Ørjan.

Han rykte opp med Lysekloster kvart av dei fire åra han var hovudtrenar, frå 7. til 3. divisjon.

I 3. divisjon har han hatt ansvar som dagleg leiar og sportsleg leiar i idrettslaget.

– No ser eg fram til å koma tilbake på banen og til å jobba saman med resten av teamet, Tore, som har gjort ein veldig god jobb med både Lysekloster 2 og med A-laget i dei siste rundane, og keepertrenar Ketil Elvenes og oppmann Arne Hitland, seier Ørjan Sandal.

Ny dagleg leiar

Lysekloster har allereie signert fleire nye spelarar for 2015-sesongen. Ein av dei er årets toppskårar i 3. divisjon, Alexander Dang.

Tidlegare kontroller i Lysekloster IL, Bjørnar Engelsen, overtar Ørjan Sandal si rolle som dagleg leiar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.