Næringsliv | 19. mars 2016

Har opna tre nye verkstadar

Torgeir Lyssand frå Lyssand Bil er i ferd med å bygga opp ei ny, lita kjede med bilverkstadar og dekkutsal.

Har opna tre nye verkstadar
Torgeir Lyssand har gått frå eigarskap i eitt til fire verkstadar på under to år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. mars 2016 08:25

Det starta med pappa Gunnar Lyssand og sal av bil frå 2. etasje på Drageset, no Meny i Industrivegen i 1993. Dei neste to åra kom nytt lokale og bensinstasjonen UnoX på plass på motsett side av det som etterkvart blei ei rundkøyring, men no er det sonen Torgeir som styrer sjappa.

Først var han dagleg leiar, så kom generasjonsskiftet, i 2011 overtok Torgeir også aksjane i firmaet.

– Drivstoffpumpene går av seg sjølv, her leiger UnoX plassen. Vi driv kiosk, dekkutsal og verkstad, med 15-16 tilsette, og alle dei tre avdelingane er i positiv utvikling, seier Torgeir.

Dagleg leiar-rolla har han gjeve frå seg til kona Birthe Lyssand. Sjølv om han var lykkeleg som liten har Torgeir nemleg valt å lata organisasjonen veksa.

Vil bli større og meir robust

Lyssand fortel om tøffare konkurransevilkår og ein bransje med stadig nye byråkratiske krav.

– Det har blitt meir krevjande å vera liten og frittståande, derfor byrja eg for ei tid tilbake å sjå etter sjansar for utviding, at vi kunne få fleire verkstadar under same paraply. Motivasjonen har heile tida vore å skapa det beste tilbodet til våre kundar.

– Vi har allereie våre fortrinn som Mekonomen-verkstad, når det kjem til logistikk på delar, men dette er ikkje dei einaste innkjøpa våre. Med fleire verkstadar kan vi dra nytte av kvarandre innan alt frå rekneskap til forsikring.

Opna nytt på Fitjar, i Sandnes og i Åsane

Første nye verkstad kom i mars 2014, på Fitjar. Dei to neste, Sandnes og Åsane, opna i vinter.

– Eg fekk høyra om ein verkstad med moderne, gode fasilitetar på Fitjar. Verkstaden hadde gått konkurs og eg tok kontakt med ein konkurrent, Autoservice Fitjar. Eg kjøpte selskapet og flytta det inn i dei ledige lokala.

Dette blei ein suksess med Gaselle-kåring to år på rad.

– Kor mange verkstadar ser du for deg er passelege?

– Det har eg ikkje sett ei grense på, men Fitjar blei elddåpen og vi var klare for å satsa vidare.

Starta frå null i Åsane

Etter at Autoservice var etablert fekk Lyssand sett eit nytt styre med eksternt styremedlem, Tor Landaas. Vedkomande kom frå ATR Autoservice på Nyborg og dei to starta holdingsselskapet Carfix AS saman, med 60/40 Lyssand/Landaas.

Neste ut var Gann Bilverksted i Sandnes. Denne låg for sal på Finn.no og Carfix slo til.

– Vi overtok Gann 1. januar, 18. januar opna vi ein heilt ny verkstad, Carfix Åsane AS, i Hesthaugvegen, nær Åsane Storsenter. Dette ligg vegg i vegg med Bergen Billakkering, og dei to drar allereie god nytte av kvarandre.

God flyt av kompetanse

Trass at nyetablering krev tid og krefter, seier Lyssand at han allereie merkar stordriftsfordelane.

– Det handlar ikkje berre om innkjøp og økonomisk drift, men om alle dei tilsette som no er kollegaer. Vi har erfarne folk på alle dei fire verkstadane, mange av dei med sine spesialområde, noko som gjer at vi kan hjelpa kvarandre med små og store tekniske utfordringar.

– Nå vi skrur på alle merke og årsmodellar hender det naturlegvis at vi møter på spesielle utfordringar. No har vi gode folk å ringa til

Kan bli to til i år

Etter å ha vakse frå eitt til fire på under to år held Lyssand og Landaas fram med å sjå etter moglege stadar å utvida.

– Det er fleire faktorar som speler inn, ikkje minst at vi får knytt til oss dei rette folka der vi ønskjer å etablera oss.

– Men vi har eit par område i kikkerten og det kan bli yttarlegare éin til to nye avdelingar i 2016, seier Torgeir Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.