Lokal | 21. juli 2016

Har over 60 påmeldte til ny skulefritidsordning

Osbadet, som går mot rekord i juli, kan gle seg over stor oppslutnad om det komande SFO-tilbodet.

Har over 60 påmeldte til ny skulefritidsordning
Bård Alfstad gler seg over gode besøkstal i juli og svært god påmelding til det nye sfo-tilbodet i Osbadet og Oshallen. (Arkivfoto: Kari Marie A. Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juli 2016 10:47

Etter ein rekordvarm forsommar, der Osbadet hadde tilsvarande svake besøkstal for juni, har juli vore svært travel i bassenga på Kuventræ.

– Vi har passert juli i fjor og har framleis 1/3 igjen av månaden, seier dagleg leiar Bård Alfstad, rett etter ein dukkert, som han innrømmer var i saltvatn.

I går kom første sommardag i Os sidan sankthans og badesjefen har tatt seg ein tur ut.

– Men om det kjem nokre dagar til med gråvêr i juli så kan dette bli ein rekordmånad.

Foreldre nøgd med «ball-fritt» aktivitetstilbod

Osbadet-leiinga har fleire ting å gle seg over i sommar.

I juni fortalte dei om eit nytt tilbod, ei skulefritidsordning der elevan kan velja mellom bading, leik i open hall og aktivitetar utandørs.

– Vi har fått 60 påmeldte. Den mest travle dagen har vi over 30 deltakarar, seier Alfstad.

– Vi er overraska over kor positiv responsen har vore, og kor fine tilbakemeldingar vi får. Foreldre ser ut til å vera veldig glade for at vi har oppretta eit aktivitetstilbod også for dei som ikkje driv med ballidrett.

Påmeldingsfristen var i midten av juli, men denne blei utsett til 1. august.

– Kor mange er det plass til?

– Vi har ikkje sett noko tak, vi bemannar opp etter behov. Men vi må setja ein frist så vi klarer å førebu oss og er klare til start veka etter at skulane er i gang.

Osbadet har påmeldte frå alle skulekrinsar og vil blant anna kjøpa ein bil som dei kan bruka til henting av elevar.

Seinsommaren blir dessutan travel med førebuingar av feiringa av 10-årsdagen, 20. september er det 10 år sidan Osbadet opna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.