Jonathan Dyrstad og Daniel Askvik selte svært godt på Dra til Sjøs på Sotra i februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Har passert halve 2016-omsetnaden allereie

Askeladden-forhandlaren i Askvik har fått ein knallstart på året. No reiser dei til messa på Lillestrøm for å hjelpa til.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Askeladden Boats AS auka frå 83 til 109 millionar kroner i omsetnad frå 2014 til 2015, og fekk med eit driftsresultat på 3,9 millionar sitt første år i pluss sidan omstarten etter konkursen i 2008.

2016 blei eit endå betre år, og no har 2017 også starta bra.

– For fabrikken sin del så ligg vi omtrent som i fjor, men der er produksjon og leveringsdato viktige faktorar sm kan variera noko uavhengig av marknaden her heime.

– For butikken vår i Askvik sin del er det lettare å sjå at den positive trenden held fram. Messa Dra til Sjøs auka publikumstalet frå 10.000 til over 11.000, og vi var blant fleire som selte godt.

• Sjå bildeserie frå Dra til Sjøs

– Vêret blir viktig i tida som kjem

Forhandlaren i Askvik har allereie passert halve 2016-omsetnaden.

– Sesongen er breiare enn før, folk kjøper båt heile året. Men i tida vi no går inn i, vår og forsommar, ser vi at vêret har mykje å seia. Blir det fint vêr rundt påske så er det fleire som vil ha båt i år. Med den starten vi har hatt ser 2017 uansett ut til å bli like god som 2016.

God mottaking for fire nye

Askeladden lanserte rekordmange fire nye båtar på messa på Sotra; Askeladden C65 Bow Rider, C65 Center Console, C76 Cruiser TSI og C76 Center Cabin TSI.

– Desse selte bra. Det var kjekt å sjå at også Pilot House-båtane held stand, vi hadde ekstra bra omsetnad av desse meir typiske heilårsbåtane.

Til Lillestrøm for å rigga

Onsdag 22. mars opnar Noregs største båtmesse, Sjøen for Alle i Norges Varemesse.

– Eg og Torry Drange reiser bort i morgon for å hjelpa til å rigga. Også Henrik (Askvik) kjem bort og skal vera på stand under heile messa, fortel Jonathan.

Dei tre vestlendingane reiser bort for å representera fabrikken - og for å hjelpa forhandlarane på Austlandet.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

Stå saman med folket i Palestina!

26. april 2017

Lesarinnlegg, markering i Os 1. mai: I år vert det markert 50 år med okkupasjon av Palestina og 10 år med blokade av Gaza.

bilde-midtsiden

«Dobbelt» vårslepp i Os sentrum

26. april 2017

Då sentrumssjefen måtte på klinikken fekk vi styreleiar i sentrumsforeininga til å fortelja korleis laurdagens Vårslepp skal bli.

bilde-midtsiden

SjekkUT Os-fjella

26. april 2017

Os Turlag lanserer fredag, saman med DNT over heile landet, ein ny gratis app som gjer det enklare å finna turmål i Os.

bilde-midtsiden

Tre frå Os blei meister i feltskyting

25. april 2017

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

bilde-midtsiden

Pallplass med bismak

25. april 2017

Bilcross: Kristian B. Gjøen var i helga på pallen for første gong. Så blei han tvungen til å selja bilen som morfar har bygd til han.

bilde-midtsiden

Tommy kom til Os for å takka

25. april 2017

Den tidlegare toppskåraren på Lyn, Tommy Nilsen, kom personleg til Kuventræ for å takka Os og Jada for innsamlinga til «babyen» hans, Karanba i...

bilde-midtsiden

Fekk termokikkert i gåve

25. april 2017

Med det nye termokikkerten vil mannskap frå Røde Kors kunna sjå personar i terrenget på 1000 meters avstand, sjølv om det er bekmørkt.