Lokal | 29. apr. 2016

Har redningsdykkarar i beredskap

Eit helikopter har styrta på Turøy på Sotra. Redningsdykkarar frå Os Brannvesen står i beredskap.

Har redningsdykkarar i beredskap
Redningsdykkarar frå Os brannvesen er i beredskap for å hjelpa til etter helikopterstyrten på Turøy på Sotra (illfoto: AH)
Andris Hamrefredag 29. apr. 2016 11:42

Klokka 11.55 fredag styrta eit helikopter på veg frå Gullfaks-feltet på Turøy på vestiden av Sotra.

– Ombord i helikopteret var det 13 personar, stadfestar fungerande kommunikasjonsrådgjevar Stig Losnegaard hos Vest politidistrikt.

Redningsetatane slo full alarm og rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap.

– Vi hadde fire redningsdykkarar som var på vei til ulykkesstaden, men blei omdirigert. Dei er no i beredskap på hovedstasjonen i Bergen, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Helikopteret har totalhavarert. Klokka 13:15 meldte hovedredningssentralen at det ikkje er teikn til overlevande ved vraket.

– Politiet kan stadfesta at det er funne omkomne etter ulykka. Det er akkurat no ikkje verifisert kor mange, skriv Losnegaard i ei pressemelding kl 1412.

Fleire osingar jobbar på Gullfaksfeltet, men det er førebels uvisst om nokre av desse var ombord.

Statoil har satt beredskapsorganisasjon

Alle dei 11 passasjerane jobba i Statoil. Selskapet opplyser at helikopteret var på veg frå Gullfaks B til Flesland.

Helikopteret var eit CHC-helikopter. Statoil har satt alle trafikkhelikoptere av tilsvarande type midlertidig på bakken.

Dei har mobilisert sin beredskapsorganisasjon og oppretta ein pårørandetelefon på 800 500 20.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.