Lokal | 15. nov. 2017

Har redusert noko på Hjelle

Men nabo meiner framleis at planane har for stor utnytting.

Har redusert noko på Hjelle
Slik er utbygginga illustrert i framlegget til reguleringsplan (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
Andris Hamreonsdag 15. nov. 2017 13:59

Bildeserie:

Bygga er tenk samla rundt eit tun (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
Bygga er tenk samla rundt eit tun (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
Skisse av planen (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
Skisse av planen (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
Perspektiv av reguleringsplanen (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
Perspektiv av reguleringsplanen (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
1 av 3
Bygga er tenk samla rundt eit tun (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
Skisse av planen (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
Perspektiv av reguleringsplanen (ill: LJB AS/Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)

I september 2016 varsla Hjelle Utbygging AS at dei ønskja oppstart av reguleringsplan for ei tomt på Hjelle. I dei opprinnelege skissene antyda dei ei utbygging med 36 leilegheiter.

Dette fekk nabolaget til å reagera og ein underskriftskampanje, som raskt samla 160 underskrifter mot utbygginga, blei satt i gang. Det naboane blant anna reagerte på var den auka trafikk i området, at den gamle lemstova skulle rivast og at utnyttingsgraden var for høg.

Framleis for høg utnytting meiner nabo

Plan og bygningsutvalet (PBU) gjekk til det uvanlige skrittet å reise på synfaring før dei sa ja til oppstart av planarbeidet. I vedtaket la dei mellomanna føringar på at graden av utnytting ikkje skulle overstiga 40% av reguleringsplanen sitt areal.

– Eg tykkjer ikkje dei har moderert seg vesentleg. Det er framleis over den prosenten som kommunen har sagt. Sjølv om det gamle huset får stå, så er utnyttingsgraden og fotavtrykket for stort, seier nabo Øyvind Hjelle.

Er under 40% av tomtearealet

I framlegget til reguleringsplan som Byggadministrasjon Harald Bjørndal a.s. har sendt inn på vegne av Hjelle Utbygging meiner ein med at ein no er innanfor 40% av planen sitt areal.

Planen sitt totale areal er 5.123 kvadratmeter. 40% av dette er 2.049 kvadratmeter. Fotavtrykk bygningar, boder og parkering utgjer tilsaman 1.908 kvadratmeter i følgje sakspapira. BYA i BKS 1 og 3 er på 45%, BYA i BKS 2 er på 55%.

Fem hus, 20 husvere

Dei justerte planane legg opp til fem nye bygg i to eller tre etasjar, i tillegg til gamlehuset på Hjelle. Ein legg opp til 20 husvere i variert størrelse frå 42 til 128 kvadratmeter, kor dei fleste (8) er på 84 kvadratmeter.

– Ved å nytta 2-etasjes husvære unngår ein utvendige trapper samstundes som det jamt over er betre utsikt i andre høgda. Ein reknar det som positivt å kunna gå inn direkte frå terreng.

– For å kunna leggja til rette for variert demografi er husværa spreidde på storleikar frå 42 til 128 m2. Erfaringar tilseier at vaksande familiar gjerne ynskjer å verta verande i same tunet dersom det ligg til rett for det, heiter det i planskildringa.

Har tilpassa seg

PBU gjorde også framlegg om at utbygginga skulle betre harmoniserast med kringliggande utbygging.

– Arkitekt/landskapsarkitekt Lars Berge, LJB AS har - saman med Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS – utarbeidd forslag til reguleringsplan med illustrasjonar. Lars Berge prøver å gjenskapa eit uttrykk med tradisjonelt gardshovedhus og og tilhøyrande driftsbygningar.

– Ein kan framleis sjå fleire av dei opprinnelege gardstuna med sine moderate midtgangshus av «os-typen» med kvist, og sine driftsbygningar som stort sett ligg langsetter dalen og terrenget. Somme på tvers. På Hjelle er innmarka utbygd og løa vekke, men våningshuset er i nokolunde god stand. Det er teigen kring det gamle tunet som no står att som utbyggingsområde.

– Hjellefeltet framstår noko samansett både i bygningsformer, fargar og retningar. Med den nye utbygginga ynskjer ein arkitektonisk sett å leggja seg tettare på. Intensjonen er å etablera eit heilskapleg anlegg, eit tun, som underordnar seg det gamle våningshuset.

– Bygningsformer og storleikar som minner om løer og driftsbygningar vil omkransa eit stort fellestun som vert samlings- og tumeplass for dei meir enn 20 einingane.

– Sjølve bygningane har saltak, trekledning og nokså mykje glas, skiv ein i planskildringa.

Neste møte i PBU er 7. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.