Kultur | 13. feb. 2017

Har seld 200 billettar på to døgn

Mange vil sjå tometeren: Over 200 har allereie sikra seg billett til Thomas Helgesen sitt show. – No er det for seint å angra, seier komikaren.

Har seld 200 billettar på to døgn
Billettsalet går strykande for Thomas Helgesen sitt soloshow på Oseana. Her i Nor og Ne´-revyen saman med Robert Haugetun og Jan Helge Corneliussen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 13. feb. 2017 10:29

Laurdag slapp Oseana to store humoristar i Dagfinn Lyngbø og Thomas Helgesen.

– Billettsalet til begge desse humoristane har tatt heilt av. Dagfinn Lyngbø har til kvart av showa sine seld vel 350 billettar allereie, men enno kjekkare er det å sjå at også Thomas ser ut til å bli ein kjempesuksess. I løpet av knappe to døgn har over 200 billettar blitt riven vekk. Det er rett og slett kjempekjekt å sjå at kortreist humor sel så bra, strålar Janne Mari Hjelle på Oseana.

Både redd og glad

Thomas Helgesen fortel om ei helg med veldig god respons etter at nyhenda om at han skal stå med sitt eige show «2MeterTulling» i Oseana 21. oktober.

– Det har vore veldig positive tilbakemeldingar. Folk seier eg både er tøff og galen, og det har dei vel i grunn rett i. Akkurat no føler eg meg litt tom, men heldigvis er det ikkje no til helga.

– 200 billettar på to døgn. No er det forseint å angra, konstanterer Helgesen som innrømmer at han både er redd og glad for responsen.

Testar spøkane

Om du er i omgangskresten til Thomas Helgesen risikerer du å bli utsett for mange spøker i tida framover.

– Eg har ikkje byrja å skrive på showet enno, men eg har eindel knaggar og går rundt å tester spøkar på ulike folk. Slår dei ann så tek eg dei med med vidare, men det er veldig lang veg fram til eit ferdig show. Dessuten skal eg gjennom revyar og slikt før den tid.

Heftig one night stand

Helgesen, som tidlegare har gjort eit par tjue minutts show for blant anna Os næringsråd (sjå standup frå 2016 og 2017 her), innrømmar at det er ei stor oppgåve han har tatt på seg.

– Det er eit stykkje frå 20 minutt til 70. Eg må nok trena både uthaldenheit og stemmen. Berre det å skulle halde mikrofonen er jo noko eg ikkje har gjort før.

– Det blir jo den heftigste one night standen eg nokon gang har hatt. Det blir mykje arbeid, men eg er spent, og litt skremt, på å sjå kor mykje og kor stort det blir. Det vil nok setta både ekteskapet og anna på prøve, men slik er det vel med 40-årskrisa.

– Har du nokon til å hjelpa deg?

– Eg har ikkje satt saman noko team enno, men det er klart eg må få med meg nokon. Kanskje eg må få nokre innslag i showet, slik at eg klarar å henta meg innatt. Vi får sjå. Denne helga har vore heftig og det heile har vore veldig nært. No må eg få alt litt på avstand, så får eg byrja å jobba målretta mot den store dagen, avsluttar Thomas Helgesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.