Sport | 06. nov. 2014

Har signert Dang

Alexander Dang (24) var suveren toppskårar i 3. divisjon i Hordaland i år. I 2015 speler han for Lysekloster.

Har signert Dang
Alexander Dang er klar for Lysekloster. (Foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster IL)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. nov. 2014 08:52

Lysekloster er i gang med å styrka stallen etter nok ein sesong der målsetnaden om opprykk rauk. I fjor blei det 2. plass, i år landa Lysekloster på 3. plass.

– Vi har vore interesserte i Alexander Dang i lengre tid og set stor pris på at han valte å gå til oss, seier dagleg leiar Ørjan Sandal.

Alexander Dang skåra heile 32 mål i årets sesong med Vadmyra. Det er dobbelt så mange som årets mestskårande på Lysekloster, Preben Borgen (8) og Kim Kleivedalen (7 på halv sesong), skåra til saman.

– Ikkje berre er han ein god goalgetter, ein som er på rett plass til rett tid, han er også sterk og god med ball og kan skapa veldig mykje heilt åleine.

Sjå toppskårarlista for 3. divisjon avdeling 7 og avdeling 8 på fotball.no.
(Listene skal etter det Midtsiden kjenner til mangla mål frå nokre få kampar).

Ein av fleire nye

Dang og Vadmyra landa på 9. plass i årets sesong med 34 poeng på 26 kampar.

Før Vadmyra spelte toppskåraren for Frøya, Hovding og Fyllingsdalen.

Sandal fortel at Lysekloster også har signert to spelarar med bakgrunn i 2. divisjon, men vil førebels ikkje ut med namnet på desse.

– Kva med årets stall, mister Lysekloster nokre spelarar etter årets sesong?

– Det er nokre få som vurderer å trappa ned, men dette er førebels ikkje sikkert. Men dei aller fleste er med vidare på satsinga vår, så det ser veldig bra ut.

Framleis utan trenar

To rundar før slutt sa Lysekloster IL opp hovudtrenar Torbjørn Birkelund og assistenttrenar Øyvind Olsen.

Ny trenar er ikkje på plass.

– Styret jobbar med saka og ny trenar skal vera klar innan 10. november, seier Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.