Sport | 02. aug. 2017

Har signert ny forsvarsspelar

Lysekloster har signert den svenske forsvarsspelaren Mirza Mujcic.

Har signert ny forsvarsspelar
Mirza Mujcic har signert for Lysekloster (pressefoto: Lysekloster IL)
Andris Hamreonsdag 02. aug. 2017 11:29

I helga kom det ei ny forsterking til Lysekloster. Tidlegare i sommar har dei allereie sikra seg tidlegare Sogndal-spelar Stian Dyngeland.

No er det klart at svenske Mirza Mujcic er klar for munkane.

– Mirza vil bli ein betydeleg forsterking i vårt forsvar, han er duellsterk med stor hovudstyrke og like god med begge beina, skriv klubben på facebooksida si.

Aldersbestemte landslag

Mujcic er frå Gøteborg-traktene og spelte i storklubben Gais fram til han var 20 år. Der spelte han allsvenskan som kaptein.

Han har óg spelt på U18, U19 og U29-landslaga til Sverige. Etter Gais har han spelt for Utsigten i superettan, Notodden i Postnord-ligaen og for islandske Vikingur i præmierligaen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.