Fotball | 11. mars 2017

Har skåra 13 på to kamper

Lysekloster viser at dei har planar om å bli målfarlege denne sesongen. I dag var det Varegg som fekk gjennomgå.

Har skåra 13 på to kamper
Lyseklosterspelarane kan jubla over 13 mål på to kampar og 5-2 siger over Varegg (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrelørdag 11. mars 2017 16:31

Sist helg vann Lysekloster heile 8-0 over Stord.

Laurdag ettermiddag fekk Varegg gjennomgå då dei blei slått 5-2 i Lysefjorden.

– Vi speler ein god kamp og vinn fortent. Faktisk burde vi ha skåra endå meir, meiner trenar Ruben Hetlevik.

Uavgjort til pause

Varegg tok leiinga 0-1 på straffespark før Lysekloster utlikna ved Ole Thomas Herrem og gjekk opp i 2-1 leiing ved Håkon Moldeklev før Varegg utlikna til 2-2 på frispark.

Stillinga 2-2 heldt seg til pause.

– Dei to måla til Varegg øydelegg litt av inntrykket frå førsteomgangen. Vi burde ikkje slept inn mål i det heile tatt. Spelemessig hadde vi kontroll.

Burde ha skåra meir

Trass tre mål i andreomgangen ve dKristoffer Østervold, Thomas Helland og Joakim Helland er ikkje Hetlevik heilt nøgd.

– Vi speler ein veldig god kamp og burde skåra meir enn fem mål i dag. Vi blir rett og slett litt for ineffektive framfor mål, men for all del 13 mål på to kampar er godkjent.

– I treningsarbeidet i vinter har vi lagt mest vekt på det defensive, det er først den siste tida vi har byrja å jobbe med det offensive. Det som er kjekt å sjå er at vi ser igjen det vi øvar på på trening i kamp, avsluttar Hetlevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.