Sport | 11. mai 2017

Har skåra 6 straffemål på 3 kampar!

I førre kamp blei det hattrick frå 11-metersmerket på Dani Alvær Bergstø. I morgon speler serieleiar Søfteland heimekamp.

Har skåra 6 straffemål på 3 kampar!
Dani Alvær Bergstø har skåra på 6 straffar på 3 kampar med Søfteland. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. mai 2017 09:00

Søfteland leier serien etter tre rundar i 5. divisjon avdeling 1. Førre kamp enda med 5-0-siger mot Lyngbø 2 på bortebane.

Dani Alvær Bergstø skåra tre av måla, alle på straffe.

– Det har blitt mykje no, det er sånn at vi ler når det blir straffe. I serieopninga blei det eitt straffespark, i andre runde blei det to, seier Dani, som no har skåra utrulege 6 straffemål på 3 kampar.

Takkar talentfulle Stefan

Søfteland bomma litt på straffe for to år sidan, og då var den sterke midtstoparen sjølvsikker og tok ansvar. Han traff på alt i fjor og alt til no i år.

– Vi har nokre veldig gode offensive spelarar, og desse blir klipt ned. Spesielt Stefan (Mauricio Bernsen) blir ofte tatt, han er ung og veldig driblesterk.

I 2010 blei Stefan kalla eit ekstremt talent av Ørjan Sandal etter at han sette noregsrekord som yngste spelar som har deltatt i eit opprykk med eit seniorlag (for Lysekloster).

Os G16 anno 2006

Søfteland var ny i 5. divisjon i fjor, og låg lenge på 2. plass før dei enda på 3. plass.

Før årets sesong har stallen blitt endå sterkare, blant anna ved at Lysekloster-spelarar som Baste Jonassen, Johannes Jordal og Martin Eidsvik har trappa ned frå 2. divisjon til 5. divisjon.

– Det er kjekt at så mange som eg har spelt gute- og juniorfotball med er samla på same lag, synest Dani.

– Vi er 8-10 spelarar som var på Os G16 og G19 saman, 90-årgangen og nokre frå '92, på turar til blant anna Norway Cup.

Fredag kveld (frå kl 19) er det heimekamp på Stilvoll mot Tornado Bergen.

Søfteland står utan tap etter tre kampar, Tornado Bergen slo Lyngbø 2 6-0, og vil truleg òg prøva å bita frå seg i morgon.

TERMINLISTE OG TABELL

Tap til Nore Neset og Os

Osbygda har to andre 5. divisjonslag, Nore Neset og Os 2.

Os 2 tapte førre kamp 4-3 borte for Bergen Nord, Nore Neset tapte 6-1 borte for Frøya.

Også Nore Neset har heimekamp fredag kveld (frå kl 20).

Os 3 i 6. divisjon vann 7-0 heime over Djerv 2, Nore Neset 2 i 7. divisjon tapte 0-1 heime for Kalandseid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.