Kultur | 17. nov. 2016

Har swinga seg i 25 år

Os Swingklubb, ein av dei eldste i landet, feirar 25 år. – Tida går fort når ein har det gøy, ler Øyvind Blindheim.

Har swinga seg i 25 år
Anne Lill Lyssand og Øyvind Blindheim gler seg til å feira swingklubben sit 25 årsjubileum til helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 17. nov. 2016 19:36

Bildeserie:

Swingklubben har ei rikhaldig scrapbook frå 25 år med aktivitet

Swingklubben har ei rikhaldig scrapbook frå 25 år med aktivitet (faksimille: Os og Fusaposten)

1 av 6

I august 1991 såg Os Swingklubb dagens lys då fem danseglade sjeler fann ut at dei ville setja dansinga i litt meir system. Dei fem stiftarane var Trond Irgens Hagevik, Ragnhild Skaathun Blindheim, Tone Skaathun, Atle Bjørke og Marit Thuen. I tillegg hadde dei med seg Rolf Aastvedt frå Rock'n Rolf danseskule.

– Vi var ein gjeng som likte å danse og som reiste mykje til byen. Tanken var å laga noko litt meir organisert, fortel Øyvind Blindheim, som sjølv ikkje var med på sjølve stiftinga grunna jobb utenlands, men som har fått tatt godt igjen seinare og som dei siste åra har vore leiar i klubben.

Mest for det sosiale

Sjølv om klubben har hatt medlemmar som har delteke både i NM, EM og VM, så har ikkje plasseringane, men dansegleden vore hovudfokuset.

– Klubben starta mest for sosial dans og for å ha det kjekt og moro i lag, men sjølvsagt har vi hjelpt dei som ønskja å konkurrera så godt vi har kunne med både dansekunnskap og økonomisk hjelp. Det er jo kjekt at det har gitt klubben fleire gode plasseringar i ulike meisterskap, seier Blindheim og ser bort på Anne Lill Lyssand som saman med partner Øystein Hjelle blei noregsmeistrar i 2005.

Les òg: Godt med gull og Noregsmeistrar igjen

– Eg trur at nettopp det at vi ikkje har hatt eit konkurransefokus er noko at det som gjer at vi kan feire 25 år i år. Ser ein til andre danseklubbar, som har nok fokuset på å konkurrera gjort at dei ikkje har klart å halde det same gode miljøet som vi har klart, noko som i nokre tilfelle har gjort at dei etterkvart har blitt lagt ned. Vi er nok ein av få som har klart å halde det gåande så lenge.

Fullt dansegulv

Den første tida held swingklubben til på diskoteket Madam Ane, før turen gjekk vidare via Cha-Zet, skytterhuset på Ulven og Fjellheim til Oseana. Danserane i klubben har blitt mykje brukt på i ulike oppvisningar og arrangement.

– Det har blitt mykje løye vi har fått vera med på opp igjennom. Vi har dansa for TV2, på filmpremierar og på ulike arrangement både i og utanfor bygda. Ein gong skulle vi dansa på Torofabrikken sitt juleball med Tande P som konferansier, problemet var berre at då musikken starta og vi skulle komme stormande inn, så kom publikum oss i forkjøpet og dansegulvet var fullt før vi kom fram, fortel Blindheim.

Stunt-dansa

Eitt anna minne Blindheim sit igjen med er då dei stunt-dansa mellomanna i Bergen, Nordheimsund og Øystese, lenge før begrepet flashmob var funnen opp.

– Då tok vi berre bussen til byen eller inn til Hardanger. Trykte play på spelaren og byrja danse på torget. Folk reagerte litt forskjellig då vi i tillegg baud dei opp til dans, men mange tok utfordringa og blei med. Det er kjempegøy når folk tørr gje litt slepp.

– Dit vi kjem, der blir det liv. Det har dansemiljø rundt i heile landet fått merka, blant anna sjokkerte vi nok litt då vi gav full gass på Bårdar Danseinstitutt. Eg trur ikkje dei heilt hadde sett for seg ein så vill gjeng frå Os.

Har lært mange å dansa

Opp gjennom åra er det nok mange dansesko som har blitt slitt ut på kurs og ulike tilstelningar i regi av swingklubben.

– Vi har kursa veldig mykje folk i Osbygda på desse 25 åra. Noko av dei kjekkaste kursa vi har er når ein venegjeng, eit fotball-lag eller ei bedrift finn ut at dei har lyst å læra å dansa. Då har vi gjerne kurs fredagkveld og laurdag formiddag, før det blir full dansefest laurdag kveld. Desse kursa er utruleg kjekke og populære, men det er no forsåvidt alle kursa, seier dei to.

I tillegg til swingkurs har klubben også hatt kurs i standard-dansar, latin, magedans, linedance, lindy-hopp, boogie woogie, hiphop, breakdans, folkedans, tango og gamaldans.

– Vi har framleis faste kurs kvar måndag og onsdag i henhaldsvis Kløvertun og Oseana. Det er berre å sjekke ut heimesida vår. Vi startar opp nye kurs for både nybyrjarar og vidarekomne på nyåret. Er ein usikker på om ein vil byrja på swing, så er det mogleg å prøva eit par ganger gratis i starten av kurset. Ein treng ikkje vera medlem i klubben for å delta på kursa. Særleg har vi eit ønskje om få med fleire mellom 20 og 35. I dag har vi deltakarar frå 12 til over 70 på dei ulike kursa våre. Den eldste vi har hatt med hadde passert 80.

Klare for fest

20-årsjubileet feira dei i Oseana, mellomanna med stort danseshow. Laurdag blir det ny feiring, men denne gongen i Symrasalen på Nore Neset Aktivitetshus.

– Vi har tatt det litt ned i år samanlikna med for fem år sidan, men vi skal nok få oss ein skikkeleg fest med god mat og ikkje minst mykje god dansemusikk, avsluttar dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.