Sport | 25. nov. 2015

Har tru på Hassan og co

Her er oddsen på Os si avdeling i 2016.

Har tru på Hassan og co
Hassan El Fakiri blir spelande hovudtrenar heile neste sesong. Her mot Vardeneset, som Os slo 1-0 i haust. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 25. nov. 2015 12:39

I helga kom avdelingane i 2. divisjon og 3. divisjon 2016, måndag kom 4. og 5. divisjon.

Os er tilbake i Hordaland-avdelinga, noko spelande hovudtrenar Hassan El Fakiri synest er positivt.

– Vi er jo kjent med avdeling 6 no, så det kunne fungert fint å hamna der òg, seier El Fakiri, som leiar det laget som var sterkast i haustsesongen.

– Men det er klart det er greit for spelarane å reisa på så lange bussturar annakvar helg.

Største utfordrar neste år

Bookmakarane hos NordicBet held Sotra som favoritt neste år. Sotra var berre eitt poeng bak Lysekloster, som rykte opp frå avdeling 7 i år, og blir rekna som klare favorittar.

– Lysekloster og Sotra skilte seg veldig ut i år. Sotra endte med 70 plussmål og det fortel mykje. Dei møter 9 av dei andre laga i år og 3 av dei 4 andre er nyopprykka frå 4. divisjon, seier Daniel Vassbund i NordicBet.com.

– Med andre ord er ikkje, på papiret, dette særleg skremmande for Sotra, som i år landa 13 poeng framfor Varegg på 3. plass.

Det einaste laget som kan gje Sotra kamp, slik Vassbund ser det, er Os.

– Os hadde opprykksambisjonar i sterke avdeling 6 i sesongen som var, men grunna skadar og forferdelege resultat på vårparten såg dei lenge ut som eit botnlag med 3-1-9.

– Etter sommarferien var dei frykteleg sterke og endte med 10-2-1 etter å ha forsterka seg med nokre glimrande spelarar. Vi trur dei held fram gladspelet neste år, når dei nye spelarane får ein heil sesong.

På neste plass kjem Brann 2.

- Brann 2 vil vera veldig gode i ein god del kampar, men som dei aller fleste andrelag variera mykje og sikkert få ein smell eller to mot nokre lag på nedre halvdel i skadefylte periodar, seier Daniel Vassbund.

Vinnerodds 3. divisjon avdeling 7 fra NordicBet.com:
Sotra 1.60
Os 3.50
Brann 2 6.00
Varegg 10.00
Øystese 20.00
Lyngbø 20.00
Austevoll 30.00
Gneist 35.00
Vestsiden-Askøy 35.00
Arna-Bjørnar 55.00
Åsane 2 60.00
Bjarg 75.00
Tertnes 85.00
Nest Sotra 2 100.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.