Sport | 17. nov. 2012

Harde finalar i gatecupen

Her er vinnarane av årets MidtsidenCup.

Harde finalar i gatecupen
Verken Simen Lassen på FIFA eller Rune Fjellberg på T Ullrich blei skadd i denne duellen i finalen i herrar elite. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 17. nov. 2012 15:02

Laurdag var det semifinalar og finalar i MidtsidenCup 2012, og nokre overraskingar dukka opp.

• Fortsatt litt Gufs, som kom til semifinalen i fjor, slo Femme Fatale i finalen i dameklassen.

• Gangsperr Style! slo ut tittelforsvararane Beliebers, men tapte finalen i mixklassebn for Målskred på straffekonkurranse.

• I herrar amatør gjekk Ungdomskilden IL, som har deltatt i nærmast kvar einaste MidtsidenCup, til finalen for første gong. Men der møtte dei Storbonden fra Dalen med bekjente, som stakk av med sigeren.

• I herrar elite var andre gjengangarar på banen, FIFA gjekk til finalen for første gong og møtte tittelforsvarar T Ullrich.

Kampen var jamn, begge starta med eitt handikap-mål, T Ullrich skåra første, men FIFA utlikna kort tid etterpå. Det såg ut til å gå mot straffekonk, men så klarte Ramo Racic å lura inn 3-2 og T Ullrich forsvarte tittelen.

Midtsiden kjem tilbake med fleire bilde og meir om sluttspelet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.