Kultur | 31. mai 2013

Hårreisande respons

Nor og ne haustar mykje skryt og opplever rekordsal av billettar når dei no går inn i siste helg med revyen Bru kan flytta fjell.

Hårreisande respons
Linda Nytræ er ganske mobil. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. mai 2013 13:22

Det blei folksamt i Symrasalen då revygruppa Nor og ne hadde sine to første framsyningar av årets show, Bru kan flytta fjell.

– Vi fekk kjemperespons av publikum både under og etter framsyningane, fortel Susan Askvik.

– Kva var det folk lo mest av?

– Dei lo av mykje, fleire gongar allereie i det skodespelarane kom inn på scenen. Både tekstar, kostyme og parodiar slo an, enkelte såg på entreen og gangen åleine kven det var vi skulle gjera narr av, ler Susan.

Rekordstort billettsal

150 såg premieren fredag og 190 kom om laurdagen.

– Vi plar setja opp stolar rundt småbord, og då har vi plass til 150. Laurdagen måtte vi ta vekk nokre bord.

Til showet i kveld er det selt heile 176 og laurdag er det venta over 200 på det som blir siste revykveld med Bru kan flytta fjell.

– No har vi for første gong rydda vekk alle bord og sett opp stolar som om det var kinoframsyning.

– Både førre laurdag og i morgon er det dans etter showet, noko som er veldig populært. At vi har så mange også om fredagane er veldig kjekt. Dette er ny rekord for oss, seier Askvik.

Det er framleis rundt 30 ledige stolar til i kveld, men altså berre eit par plassar til siste runde, laurdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.