Kultur | 22. juli 2014

Hastebygging i ferietempo

– Det har gått så bra på Kuventræ at fleire enn venta kan ta ferie i sommar. I går var nok ein milepæl på tilbygget.

Hastebygging i ferietempo
Tilbygget på Kuventræ barneskule i går, ein knapp månad før skulestart. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. juli 2014 07:31

Det skjer mykje på skulefronten i Os. Nye Nore Neset ungdomsskule er ferdig og så og seia klar til å ta imot elevar måndag 18. august og Lysekloster barneskule er riven og skal drivast i brakker og klubbhus det neste skuleåret.

Men mest spennande er det truleg med Kuventræ barneskule, som skal bruka eit nytt tilbygg med fire nye klasserom frå august av.

Ekspressfart

I desember blei det bestemt å utvida kapasiteten på Kuventræ skule, i ekspressfart, for å ta unna den aukande elevmengda i og rundt Os sentrum.

Grunnarbeidet blei sett tidleg i gang, men høgare kostnad enn kva som var sett av i budsjettet fekk byggestart utsett.

I april starta tømrararbeidet, 16 dagar seinare var det kranslelag, før ferien hadde handverkarane kome så langt at det faktisk blei ferie på ein del av dei tilsette i dei involverte byggeselskapa.

– Dei har verkeleg stått på og det blir meir ferie på dei involverte enn eg hadde trudd, seier prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen.

– Vestafjell, som har tømrararbeidet, har ein anleggsleiar som har gjort meir enn han får betalt for i forhold til å koordinera dei ulike handverkfaga.

Milepæl måndag

Døsen seier det er hektiske dagar på Kuventræ, men at alt går etter planen.

– Golvlegging startar måndag, det er ein liten milepæl i seg sjølv, sa prosjektleiaren før helga.

– Golvet skal vera ferdig lagt til tømrarane kjem tilbake, som då tar dører og listverk. Rørleggarane kom i mål med sitt før ferien, men kjem også tilbake, malarane har stått på i 2-3 veker og elektrikarane er i full sving.

Utandørs er det klart for asfaltering, og sjølv om vi får ein travel innspurt ser det ut til at vi skal koma i mål før skulestart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.