Hattrick av Christer Olsen
– I starten var det rart å ta på seg Lysekloster-drakt. No har eg blitt betre kjent med laget og formen er fin, seier den tidlegare Os-spelaren.
Bildeserie:
Lysekloster slo botnlaget Fyllingsdalen 2 3-4 borte i vår og 4-0 heime i dag.
Christer Olsen, som gjekk frå Os til Lysekloster i sommar, sette inn dei tre første.
– Det er konkurranse om plassane og det er samtidig litt avlasting når andre speler. Eg føler formen er veldig god, seier Christer, som blei byta ut i 66. minutt, etter tre nettkjenningar.
Olsen skåra åtte for Os før han skifta klubb. I dag sette han inn sitt andre, tredje og fjerde for Lysekloster.
Lysekloster - Fyllingsdalen 2 4-0 (2-0)
Målskårarar: Christer Olsen 3 og Baste Jonassen
Lysekloster: Chris Sunde Midtun, Gojko Ivkovic - Baste Jonassen, Ola Sjømæling (Øystein Takle Eide frå 53.), Aleksander Andersen - Ståle Steen Sæthre (Joakim Hjelmeland frå 72.), Preben Skorpen, Sindre Hitland Flaa - Sigve Rørstad, Tommy Gaustad og Christer Olsen (Thomas Helland frå 60.).
Olsen heada inn eit innlegg til 1-0 i 20. minutt og auka til 2-0 då han blei spelt gjennom 6 minutt seinare.
Fire minutt etter pause såg det ut som om den gode keeperen til Fyllingsdalen 2 skulle få kontroll då han storma ut for å ta ein høg ball, men Olsen hadde perfekt timing då han hoppa opp og nikka ballen forbi og heile vegen inn i mål.
Andre omgang blei noko jamnare enn den andre, med blant anna ei dobbeltredning av Chris Sunde Midtun, som heldt nullen i tredje kamp på rad, gjorde at Lysekloster kunne ta ein solid siger.
Fleire sjansar
Preben Skorpen sendte Fyllingsdalen-keeper Bartosz Deregowski ut i horisontalen to gongar etter pause, først på eit hardt og godt skot med venstre som så vidt blei slått til corner, så då han nikka eit innlegg av Helland i bakken og mot tverrliggar, men då frå offside-posisjon.
4-0 kom då den same Skorpen heada ein ball vidare forbi forsvaret mot lengste stolpe. Flaa såg ut til å vera på ballen, men det skal ha vore Jonassen som fekk den avgjerande siste-touchen i 78. minutt.
Framleis på topp
Lysekloster kom seg med det gjennom også 18. runde utan tap, og tronar framleis på topp med 46 poeng.
Tabelltoar Sotra speler heime mot Tertnes i morgon.
Lysekloster speler neste kamp borte mot Arna-Bjørnar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.