Hattrick av Hafsås i målkalas på Kuventræ
Os leia heile 6-0 til pause i dagens kamp mot Arna-Bjørnar.
Bildeserie:
Os kopierte resultatet frå NM-kvalifiseringa i vår, der dei slo Arna-Bjørnar 8-1.
Heimelaget leia 6-0 til pause og gjekk opp i 8-0 før gjestane, som Os slo 3-1 borte i serien i vår, reduserte.
Christoffer Hafsås skåra tre av måla før pause og hadde assist på to andre.
– Det har vore godt å få ein lengre skadefri periode, så eg har fått trent meg opp igjen. I tillegg blir eg no servert på ein annan måte av medspelarane mine. Dette er noko vi har snakka om og øvd på i trening den siste veka, seier Hafsås.
Midtsiden sendte videointervju med Hafsås og El Fakiri direkte på Facebook rett etter kamp.
Sjå videointervjuet på facebook.com/midtsiden.
Os - Arna-Bjørnar 8-1 (6-0)
Os: Andrew Todd - Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Rafael Villén, Hassan El Fakiri - Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm - Stian Lunde og Christoffer Hafsås.
Byte: Øystein Takle Eide for Hafsås og Anders Havsgård for Brenne i 60. minutt, Ole Martin Lekven Kolskogen og Steffen Ljosheim for Hjertnes og Mikkelsen i 66. og Torgeir Lunde inn for El Fakiri i 76. minutt.
Målskårarar, Os: Christoffer Hafsås (1-0, 5-0 og 6-0), Marius Mikkelsen (2-0 og 3-0), Erik Kanestrøm (4-0), Øystein Takle Eide (7-0) og Stian Lunde (8-0).
Midtsiden var på eit anna oppdrag då kampen starta og fekk dessverre berre med seg 2. omgang.
Øystein Takle Eide kom innpå i 60. minutt og sette inn 7-0 på første touch han hadde på ballen i 61. minutt.
Stian Lunde hadde fleire forsøk på å heada inn fleire mål, men 8-0 kom med skot i tverrliggar og inn i 73. minutt.
Reduserte på frispark i 84. minutt
Gjestane reduserte på frispark etter at Cardoso stoppa eit angrep med ei takling han fekk gult kort for. Frispark kom lågt og hardt i stanga og inn og var utanfor Todd si rekkevidde.
Også Hafsås (som feira med trøya over hovudet) fekk gult kort i kampen.
Os held seg på 4. plass etter 20. runde, men har ikkje mykje å gå på bak til Åsane 2 og Bjarg.
Dei neste tre kampane blir tøffe, neste laurdag er det borte mot Varegg og keeper Kjetil Hansen frå Os.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.