Sport | 19. sep. 2009

Hattrick av Lunde!

Os var suverene mot Odda på Kuventræ i dag. Stian Lunde skåra tre av dei fem måla til heimelaget.

Hattrick av Lunde!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 19. sep. 2009 16:23

Det blei nesten ekte hattrick på kaptein Stian Linde i heimekampen mot Odda i dag. Kampen enda 5-0 (2-0), Lunde skåra det andre målet og dei to siste.

- Vi tapte for eit betre lag. Eg følte vi var med i kampen i første halvdel av første omgang, og i dei ti første minutta av andre omgang, men Os var meir aggressive, meir løpssterke og meir pasningssikre, seier Odda-trenar Øyvind Bjørkevoll til Midtsiden.no etter kampen.

SJÅ 20 BILDE FRÅ KAMPEN
(Dei fleste bilda er frå 2. omgang. Vi kjem med alle skåringane i eigen filmsnutt)

- Dette liknar andre kampar vi har hatt på Kuventræ i det siste, gjestane heng med ei lita stund, men så får vi nokre mål og då opnar det seg endå meir opp, seier Os-trenar Frank Hellevik.

At Odda kom litt med i starten av andre omgang meiner han berre er snakk om litt rust i systemet.

- Det var god stemning i garderoben i pausen, og vi brukte litt tid på å skjerpa oss då vi kom utpå igjen, forlarar han.

Trøytt og tett
Tabelltoar Tertnes tapte i går 1-5 for Trio. Med dagen siger har Os 51 poeng, heile 21 meir enn laget på 2. plass. Os-keeper Halvard Enes har heldt buret reint i 8 av dei 9 siste kampane.

- Det er takka vera god forsvarsfirar og god midtbane at vi får lite baklengs. Det er laget som ikkje slepp inn mål, det handlar ikkje berre om keeper, seier Enes.

Å styra medspelarane er noko av det keepertrenar Ketil Elvenes fokuserer på. Og Enes høyres ut som ein god dirigent.

- Eg har alltid snakka mykje, det er med på å halda meg skjerpa, seier den stødige keeperen.

At dei vann så suverent i dag overraskar han litt. Dårleg oppslutnad om dugnad under Vassendgutane-konserten fotballgruppa arrangerte i går gjorde at A-laget måtte stilla som vaktar.

- Eg var i seng rundt klokka halv fire i natt, og det merka eg i dag. Men vi klarte oss heldigvis greit.

Lepsøe imponerte
Os har brukt mange ungdomar denne sesongen, også i dagens kamp. Ein av dei som verkeleg fekk vist seg fram i dag var Mats Lepsøe.

Lepsøe spelte høgre kant med stor duellstyrke og mykje sjølvtillit. Han stussa ikkje på å utfordra og kom ut av det meste med ballen i beina. Også etter spennande duellar heldt han hovudet kaldt, gjekk vidare, slo presist til andre eller avslutta sjølv.

- Mats gjorde eit kjempeinnhopp som back sist, og var minst like god som kant i dag, meiner Hellevik.

Sjå alle skåringane! Midtsiden.no kjem med høgdepunkt frå kampen i eigen filmsnutt.

Kampfakta, Os - Odda: 5-0 (2-0)
Os sitt lag: Halvard Enes, Baste Jonassen, Einar Algerøy, Per Merai, Remy Osebakken, Stian Lunde, Frode Buvik, Tore Valvik, Christian Almeland, Tim Henrik Sperrevik, Torkel Hjertnes.
Byte: Mats Lepsøe for Valvik (55), Erik Kanestrøm for Almeland (66) og Christer Olsen for Osebakken (75).

Målskårarar: Torkel Hjertnes (30), Stian Lunde (34, 67, 76) og Tim Henrik Sperrevik (63).
Gule kort: Ingen
Dagens Dolly Dimple-spiller Stian Lunde
Tilskodarar: 88

Odda: Stein Korssund, Svein H. Haugen, Toregeir Hultstrand, Øystein E. Karslen, Andreas Berge, Kristian Børve, Espen L. Berntsen, Jan E. Bertselsen, Espen Bjørkevold, Thomas Nordal , Ørjan Børve.

Dommartrio: Tom B. Steen, Gneist, Tom Pedersen, Sandviken Frode Strømsnes.Fana Fotball

Sjå òg: osturnfotball.no LIVE.

Os spelar neste kamp borte mot Djerv. Neste heimekamp er mot Trio laurdag 3. oktober.

SJÅ TABELL


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.