Lokal | 15. okt. 2014

Hatvik-ferja står framleis

OPPDATERT. Onsdag morgon er det framleis inga ferjetrafikk mellom Hatvik og Venjaneset. Elevar kjem seg ikkje på skulen.

Hatvik-ferja står framleis
Ingen trafikk på Hatvikferja onsdag morgon (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 15. okt. 2014 06:58

Tidleg tysdag ettermiddag fekk ferja mellom Hatvik og Venjaneset igjen tekniske problem, slik den òg hadde i førre veke.

– Då vi skulle heim frå skulen i går hadde dei satt inn ein båt for transport av personar, men bilar måtte køyre rundt, fortel ein elev ved Fusa vgs til Midtsiden.

Då Fusa-elevane skulle på skulen onsdag morgon var det bom stopp. Inga ferje gjekk og ingen alternativ båttransport fantes.

– Det gjekk ein buss om Tysse, men den fekk ikkje skuleelevane vera med på, for den var forbeholdt for dei som jobbar på Framo.

– Eg tykkjer det er dårleg. FosenNamsos la ut melding om at dei ikkje hadde båt klokka halv tolv i går kveld, då burde Skyss ha klart å fikse det, kommenterar eleven.

Har satt inn skyssbåt

OPPDATERT: Klokka 11.06 melder FosenNamsos at dei har satt inn skyssbåt.

«Fra 15 oktober, kl. 11:06 settes det opp alternativ transport i sambandet Hatvik - Venjaneset med skyss båt. Utføres kun persontransport.», lyder den oppdaterte meldinga på selskapet si heimeside.

Søkjer etter feilen

Administrerande direktør i FosenNamsos Grete Fuglem Tennås stadfestar at dei har problem med MF Fosen som trafikkerar sambandet mellom Hatvik og Venjaneset.

– Det er ein feil i det elektriske anlegget som er vanskeleg å lokalisere.

– Elektrikarar har jobba heile natta med å finna feilen, men har ikkje lukkast så langt. Feilsøkinga held fram.

– Per no veit vi ikkje kortid vi får Fosen i drift igjen, men det vil bli satt inn ein passasjerbåt om ikkje så lang tid.

– Dette vil vi leggje ut ei trafikkmelding på på heimesidene våre, fortel Fuglem Tennås.

Driftsmeldinga som ferjeselskapet la ut tysdag kveld lyder: «Sambandet Hatvik - Venjaneset vil være stengt fra rutestart onsdag 15.10.14 og inntil videre. Dette skyldes tekniske problemer. Ingen alternativ transport. Info oppdateres.».

Har ikkje reserveferje

Ei utfordring for ferjeselskapet er at det ikkje finnst reserveferje tilgjengeleg.

– MF Trondheim ligg også til kai, så vi har ikkje reserveferje å setta inn.

– Det finnst heller ikkje andre ledige ferjer i området, seier Fuglem Tennås.

– Fosen sitt ansvar

Kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Dreyer ved Skyss fortel at det er FosenNamsos som har ansvaret for å få passasjerane over fjorden.

– Dei køyrer på kontrakt og har i den ansvaret for å setta opp alternativ båttransport om ferja ikkje går.

– Kvifor dette ikkje skjedde i morgontimane må dei svara for.

– Det er andre selskap som køyrer bussane til og frå ferja. Vi kan ikkje gå inn å overstyra kor bussene skal køyra i slike tilfeller.

– Men det er klart at det er uheldig om elevar blei nekta å vera med bussen rundt Tysse. Kva som har skjedd, om det har vore ei misforståing eller anna, vil vi freiste å nøste opp i i løpet av dagen, fortel Dreyer.

OPPDATERT, Kl 11:49: Om det ferje eller passasjerbåt ikkje går torsdag vil ekstrabuss bli satt opp.

– Eg har no fått snakka med driftsansvarleg for bussane i området.

– Grunnen til at elevane ikkje kom med bussen som går frå Nesttun til Framo var at den rett og slett var full. Det var ikkje plass til fleire.

– Om ferjen ikkje kjem i drift i morgen, eller dei ikkje finn anna løysing med passasjerbåt, vil vi sørgje for at det blir satt om ekstrabuss frå Hatvik via Tysse, avsluttar Dreyer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.