Børrea Schau-Larsen og Jarl Haug møttest på Solstrand. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Haug og Schau-Larsen om formueskatt

– Eigar og eigar, fru Blom, vi er snarare berre ein som tar på seg ansvaret. Og angsten.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tidlegare i valkampen fekk Os besøk av Høyre sin finansfraksjon på Stortinget. Det blei ei samling der to svært ulike lokale firma, både i bransje og storleik, fekk fortelja korleis dei opplever formueskatten som ein urettvis bremsekloss.

Vestlandske Heiltremøblar har fleire gongar vore nemnt som eksempel på korleis skatten kan slå negativt ut. Innehavar Jarl Haug har opplevd at likningsverdien på næringseigedomen hans har auka frå 3,6 millionar kroner i 2012 til 10,1 millionar kroner i 2016.

• Les meir om Haug sin situasjon på ntbinfo.no.

Haug driv med små marginar. Lønna hans i enkeltmannsforetaket er 280.000 kroner. No må han låna pengar for å betala formueskatten på 75.000 kroner.

• Les òg: Ein gründar og formueskatten (eit eventyr frå 2013)

Solstrand Hotel & Bad stilte med revisor og viste dagens situasjon og resultatet etter Ap sitt forslag, ei auke frå 2,5 til 3,4 millionar kroner i reell formueskatt (formueskatt inkl skatt på utbyte til å dekka formueskatt). Sentralt i hotellbransjen står temaet forskjellsbehandling, norsk og utanlandsk eigarskap, då fleire hotell og hotellkjedar i Noreg er eigd av utanlandske firma, som slepp norsk formueskatt.

Kunne fått «gratis» p-hus til 60 mill

Børrea viste med bilde og historieforteljing om nøysemd og investering, frå studietida til i dag, frå utviding i betong til det å henta Solstrand tilbake i arkitektur og uttrykk samtidig som hotellet har blitt tilpassa marknaden.

– Vi har heile tida tent pengar med den eine handa, og prøvd å bruka pengane så smart og varsamt som vi kan med den andre. Då er det vondt å sjå at den gradvise verdiauka på eigedomen, ein romsleg og fredeleg eigedom, sjølve vara som vi sel, i praksis fungerer som straff for norsk eigarskap.

– Vi betaler gjerne skatt, og vi deler grunntanken bak formueskatten, at dei som har mykje bidrar meir enn dei som har lite, men dagens ordning må revurderast, blant anna for å skapa like konkurranseforhold mellom norske og utanlandske bedrifter.

I konkurranse om gjestar på hotellet, også i anbodsrundar, for eksempel til offentleg sektor, inkluderer Solstrand sin pris 85 kroner til å dekka inn formueskatt.

– Denne konkurransevridinga er det vanskeleg å stå i over tid.

– Vi har eit mål om å bygga eit lite parkeringshus, vi treng å utvida kapasiteten. Kostnaden vil ligga på 60 millionar kroner. Det Ap vil at vi skal betala i formueskatt kunne finansiert heile parkeringshuset. Med andre ord; om vi var eigd av eit utanlandsk selskap ville parkeringshuset vore «gratis».

Om Solstrand-eigarane ikkje var så prinsippfaste eigar, kunne for eksempel dottera Pernille Schau-Larsen ha flytta til Tyskland, og vipps, så var formueskatten vekke.

– Det er ikkje aktuelt. Vi må vera tett på dagleglivet på hotellet for å driva godt, for å gje gjestane det dei kjem her for, og for å veta kvar vegen går vidare.

– Tabu å snakka om skatt og pengar

– Formueskatt har ved dette valet stått meir sentralt i debatten enn før, kvifor?

– Vi er no ved eit vegskilje. Det vil anten bli meir eller mindre, avhengig av kven som vinn valet, seier Sigurd Hille, stortingsrepresentant frå Bergen Høyre.

Samtidig såg Høyre-delegasjonen ut til både å vera audmjuke for korleis dagens skattesituasjon slår ut for enkelte firma, og fortalte korleis dei vil betra forholda om dei får tillit i neste periode.

– Det har lenge vore tabu å snakka om skatt og formue, både av dei som kan føla skam ved ikkje å klara å betala skatten sin, og av dei som sit betre i det, men som føler at det straks blir snakk om rik og fattig, og om aukande forskjellar.

Schau-Larsen undrast over fokuset på formue i samanheng med å redusera forskjellane i samfunnet.

– Ein skulle tru at den største forskjellen er om du har jobb eller ikkje. Då verkar det rart å ha ein skatt som forskjellsbehandlar norske eigarar av arbeidsplassar, som reduserer investeringsevna mange treng for å trygga arbeidsplassane for framtida, seier Schau-Larsen.

Ho undrast òg over rikspressen si trang til å kalla eigarane for «rik».

– Eg vil heller seia at vi er den som tar ansvar, den som vågar å sitja med angsten for om det er likviditet til å betala ut løn kvar månad, og om det er pengar til meirverdiavgift neste periode.

92 prosent av dei som betaler formueskatt på arbeidande kapital har netto likningsformue på under 10 millionar kroner. 99 prosent har under 25 millionar i formue.

– Fordeler og ulemper

Om du har verdiar for meir enn 1.480 000 kroner etter at gjelda di er trukken frå må du betala formueskatt. Det skal vera berre fire andre land i Europa som har formueskatt.

Over botnfrådraget betaler du 0,85 prosent.

I ein artikkel om krangelen mellom Stein Erik Hagen og Audun Lysbakken nemner Bergens Tidene to argument for og mot formuesskatt.

Argument for:
1: Dei rike skal bidra meir til fellesskapen
2: Kutt i formuesskatten gir liten effekt (effekt er ikkje dokumentert)

Argument mot:
1: Formuesskatten fører til arbeidsløyse
2: Formuesskatten er urettvis

• Les heile artikkelen på BT.no.

 

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.