Sport | 20. jan. 2017

Haugsdal blir assistent-trenar

Børge Haugsdal inn i trenarteamet til Lysekloster.

Haugsdal blir assistent-trenar
Børge Haugsdal blei fredag presentert som ny assistent-trenar i Lysekloster (foto: Dagfinn Breivik, Lysekloster il)
Andris Hamrefredag 20. jan. 2017 19:14

Dei siste åra har han vore sportsleg leiar for fotballen i Gneist. No tek han turen over Fanafjellet og blir hjelpetrenar til Ruben Hetlevik i Lysekloster.

– Hovudoppgåvene vil vera trenarutviklar, spelarutviklingstiltak og å utarbeida og sette i verk ny sportsplan på alle nivå i klubben, fortel klubben i ei pressemelding.

Børge Haugsdal (44) bur på Sandsli, men kjem frå Kalandseid. Som spelar har han vore i ei rekke klubbar i Bergensområdet, blant anna i konkurrenten Os i 1997/98-sesongen.

Haugsdal har UEFA B-lisens som trenar og har vore bidragsytar i Hordaland Fotballkrets si trenerutdanning som instruktør på UEFA C-lisenskurs og på barnefotballkvelder.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.