Sport | 20. okt. 2014

Havsgård skåra for Os 2

Sander Kvittingen, Emil Halvér og 16 år gamle Anders Havsgård var blant dei som fekk vist seg fram i storsigeren over Tornado Bergen.

Havsgård skåra for Os 2
Anders Havsgård, her i Norway Cup i sommar, skaffa straffe og skåra for Os 2 i går. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. okt. 2014 20:48

Os 2 har tatt greit med poeng denne sesongen, men hadde mange lag hakk i før dei i går for alvor sikra plassen i 5. divisjon med ein solid siger.

– Mykje skulle gått gale i fleire andre kampar om vi skulle ha rykka ned med 22 poeng, men med 25 og éin kamp igjen er vi garantert 7. plass, seier trenar Ørnulf Jacobsen.

Tornado Bergen - Os 2 1-7 (0-3)
Målskårarar, Os: Emil Halvér 2, Sander Kvittingen 2, Anders Havsgård og Aksel Skaar.

0-1: Emil sikra Os leiinga 7 minutt ut i kampen, etter forarbeid av Ørjan Glesnes, som sto over førre kamp med A-laget.

0-2: Aksel Skår pressa forsvaret til å senda eit innlegg av Emil i eige bur.

0-3: Nok ei fin skåring av Emil som set ballen i mål over kepper. 3-0 står seg til pause.

1-3: Os 2 er ivrig etter å auka leiinga over laget dei slo 6-0 på Kuventræ, men med alle utanom Håvard Grøteide i angrep fekk Håvard det tøft mot tre motstandarar på kontring.

1-4: Etter ein periode med litt rot får Sander Kvittingen, som har stått over store delar av sesongen grunna eit komplisert brot i ei hand, auka til 1-4.

1-5: Sander skårer nok eit mål, denne gong på straffe, som innbytar Anders Havsgård skaffa.

1-6: Anders får også skåra sjølv, fyrer til eit langskot som keeeper glipper i mål.

1-7: Forarbeid av Glesnes nok ein gong, mål av Aksel Skaar.

Os 2 er førstelaget i juniorklassen, supplert med nokre få seniorar og ispedd fleire gutespelarar. Kasper Sandven Færøvik, som nyleg fylte 16 år, har vore keeper gjennom sesongen, Knut Spangelo Haga, som også har spelt og skåra med A-laget, spelte også frå start.

– Søndag fekk også Torgeir Lunde, Vegard Storum Hjelle og Markud Bjørnevik speletid, i tillegg til Havsgård. Alle klarte seg bra, synest Ørnulf.

Os 2 avsluttar sesongen på heimebane mot tøffare motstand. Søndag tar dei imot Stord 2, som ligg på 2. plass, på heimebane. Bortekampen enda med 3-6-tap til Os 2.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.