– Hei, her er vi!
VIDEO: Fire av «Hamnesjefen» sine ungar sa laurdag hei til verda. Framleis kan dei få fire søsken til.
Bildeserie:
I 10-tida laurdag formiddag observerte nabo Wenche Orrebakken at svanemora blei meir uroleg på reiret. Mens svanefar Hamnesjefen ligg på sjukestova, måtte mor sjølv ta seg av dei nye verdsborgarane.
– Dei siste vekene har ho sove mykje, men i dag var ho meir uroleg, fortel Wenche, som held på å bygga hus i Finnebrekka, som nabo til reiret.
– Før Hamnesjefen blei skadd låg ho òg mykje på egga, men hadde seg ein og annan tur ned til elva for å vaska seg.
– Etter uhellet hans har eg ikkje vore her så mykje, men eg har heller ikkje sett at ho har gått frå reiret.
Tilbake til «normalen»
Heile åtte egg har lagt i reiret. Då Midtsiden var nede for å sjå om det var noko nytt var klekkinga i gang.
Tidspunktet for klekkinga er tilbake til normalen. Både i 2012 og 2013 var klekkinga 25. mai, i år blei det 23. mai.
I fjor derimot var ungane meir utålmodige og kom allereie 19. mai.
Dette er det femte kullet med ungar som har blitt fødd i Oselvo av herr og fru Hamnesjefen.
Blei bestefar på måndag
Tidlegare ute var svaneparet som har tilhald i Naustvågen på Halhjem. Der kom åtte ungar til verda allereie 18. mai.
Desse er etter det Midtsiden kjenner til barnebarn av paret i Oselvo.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.