Kultur | 03. des. 2017

Heidi sin midtvintersdraum

Det er den mørke tida på året. Tid for lys i mørkret. Tid for englar, og kan hende ein og annan demon?

Heidi sin midtvintersdraum
Heidi Tronsmo har i ettermiddag verdspremiere på «Nok ved nå» på Cornerteateret i Bergen (pressebilde)
Andris Hamresøndag 03. des. 2017 10:09

Heidi Tronsmo frå Haugland har i ettermiddag verdspremiere på Cornerteateret i Bergen med musikkteater-forestillinga: «NOK VED NÅ».

For osingene er Heidi kjend for fleire fargerike musikkteateroppsettinger. Hypermusikal med Manger Musikklag, Kor var ho var med tekstar av Olav H. Hauge, SUB, Pelagia og ikkje minst HavFest - åpningsforestillinga på Oseana i 2011.

Eit mysteriespel

Multikunstnaren har denne gongen gjeve seg sjølv ei formidabel utfordring. Det har tatt henne fleire år å utvikle forestillinga ho no set opp på Cornerteateret si store scene.

- Det er eit mysteriespel. Eit spel om identiteter og eit spel om eksistens. Eg flyttar rundt på ein stor lavvo frå stad til stad på ustoppeleg jakt etter ein stad eg kan slå meg nå. Tre skytsenglar, Ingunn Olsen Høgetveit, Hilde Annine Hasselberg & Rikke Lian Matthiesen (frå Nore Neset) er med på reisen, fortel Tronsmo.

Har gjort osing av seg

I skuggane kan ein skimte og høyre ein mørkkledd kar som lagar lyd på alt han kjem over, mellom anna store sagblad og bjørkestammar frå Os. Owen Weaver frå Minnesota og New York, har gjort osing av seg og har allereie bak seg eit samarbeid med Glenn Erik Haugland.

– Det er ei fargerik, sanselig og spennande forestilling Heidi har satt saman. Ein stor prestasjon, seier Glenn Erik Haugland som er medkomponist og Heidi si faste samarbeidspartnar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.